Grønstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grønstein frå Norrbotten

Grønstein er ein metamorf bergart som er danna av basiske vulkanske bergartar som basalt og diabas under relativt låg temperatur. Steinen inneheld grøne mineral som kloritt, epidot og amfibol.

I Noreg finn ein mykje grønstein i Trondheimsfeltet.

Grønstein er òg eit fellesomgrep for flintliknande, omadanna vulkanske bergartar som vart nytta i steinalderen til våpen og reiskap. På Hespriholmen utanfor Bømlo i Hordaland vart det i steinalderen mellom kring 7500 til 2000 f.Kr. drive steinbrot på slik grønstein.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«grønnstein – geologi» i Store norske leksikon, snl.no.