Hespriholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudbrotet på Hespriholmen ligg på den vêrutsette vestsida av holmen.
Ei såkalla trinnøks av grønstein frå eldre steinalder. Denne øksa er funne på øya Gotland i Austersjøen, og er ikkje laga av grønstein frå Hespriholmen, men har liknande form som dei vestnorske. Grønstein og grønsteinsøkser har såleis ikkje berre med Hespriholmen og Vest-Noreg å gjere.

Hespriholmen er ein holme, eller ei lita øy, i Bømlo kommune i Hordaland fylke i Sunnhordland. Øya er kjend for dei tydelege spora etter steinbrot som har vore nytta i både eldre og yngre steinalder, der det har vore teke ut ein type basalt som vert kalla grønstein. Funn fleire stadar av såkalla grønsteinsøkser syner at steinen vart nytta som råstoff til slike økser.

Holmen er karrig og ligg vêrutsett til, åtte kilometer ut i storhavet vest for øya Bømlo, nord for øya Espevær. Han er berre om lag 250 lang og 100 meter brei, og høgda over havnivået er ikkje meir enn 30 meter. Berggrunnen er ein del av den vestre gneisregionen.

Eldste bergindustri i Noreg?[endre | endre wikiteksten]

Arkeologar fann i 1920-åra på utsida (vestsida) av Hespriholmen markerte innhogg i berget etter eit stort og to mindre steinbrot frå steinalderen, der det kan ha vore henta ut grønstein så tidleg som 7500 år før Kr.f. Steinalderfolket må difor ha reist ut hit i båtar for både å kunne oppdaga denne brukbare steinen, og deretter meir eller mindre regelmessig for å take steinen ut, som truleg berre lét seg gjere om sommaren. Steinbrotet har vore i bruk i kring 5500 år, heilt fram til om lag 1800 år før Kr.f. Økser av grønstein herfrå er funne både sør i Rogaland, så langt nord som i Sogn, og ei og anna øks er òg funne austafjells.[1]

Frå brotet er det er ifølgje ulike utrekningar henta ut ca. 350-500 kubikkmeter grønstein. Det opne brotet er ca. 30 m langt og 10 m breitt. Veggane er nesten loddrette og golvet tilnærma flatt, om lag seks meter over notidas havnivå, men truleg om lag berre litt over havnivået då steinen i denne nedre parten av steinbrotet vart teke ut. Utvinninga av grønstein tok altså slutt då havet stod om lag seks meter høgare enn no, omkring år 2000 f.Kr. Til saman 1000 tonn stein vart frakta frå holmen til hovudøya i aust, men altså over lang tid. Granskinga av steinmassar på havbotnen framfor steinbrotet tyder på at så mykje som 70% av steinen gjekk tapt under utbrytinga og i samband med innlastinga på båtane.[2]

I og med at ei utrekning gjekk ut på at nesten 500 kubikkmeter stein hadde vore teke ut, har somme arkeologar meint at steinbrotet må ha vore nær sagt av «industriell karakter». Men uttaket har gått føre seg over lang tid, og justerte utrekningar av volumet tydar på at det ikkje har vore teke ut meir stein kvart år enn det som gjekk med til å lage frå åtte økser til førti økser[3].

Grønstein var ein verdfull ressurs for steinalderfolket som budde i området. På nokre av Bømlo-boplassene er det funne opptil 1.700 avslag av grønstein pr kvadratmeter i avfallet[4]. Dei som henta grønstein på Hespriholmen, må ha organisert seg i lag for å bryte laus steinen og deretter frakte han over den farlege havstrekninga. Slagmerke tyder på at noko av steinen vart brote laus med kraftige slag, medan bålrestar i avfallslaga tyder på utvinning med eld, og at utvald brenne har vore frakta ut til holmen. Det same valet av brenne år etter år tyder på at det har etablert seg ein samanhengande fast tradisjon når det gjeld dette arbeidet, og då stadane der grønsteinsøksene frå Hespriholmen er funne, dannar eit tilnærma fast distribusjonsmønster i om lag 5000 år, er det mykje som tydar på at det har vore folkegrupper som har hatt ei sams kjensle av å høyre saman som har hatt kontrollen over steinbrotet på Hespriholmen[5]. Arbeidet har gått føre seg om sommaren, for dei små skinnbåtane som truleg har vore i bruk i dei tidene, kan berre legge til her i godt vêr. I ein slik skinnbåt kunne det berre fraktast eit par hundre kilo stein om gangen.

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. Anders Hagen: Norges oldtid (side 72), forlaget Cappelen, Oslo 1983, ISBN 82-02-09067-9
  2. Anders Hagen: Norges oldtid (side 71-72)
  3. Bergljot Solberg: Hespriholmen, i Einar Østmoe & Lotte Hedeager (redaktørar), Norsk arkeologisk leksikon, Oslo 2005, Pax Forlag A/S, side 173, ISBN 82-530-2611-0
  4. Anders Hagen: Norges oldtid (s. 70-3)
  5. Bergljot Solberg: Hespriholmen, i Einar Østmoe & Lotte Hedeager (redaktørar), Norsk arkeologisk leksikon, Oslo 2005, Pax Forlag A/S, side 173, ISBN 82-530-2611-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]