Grøtdalstindane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grøtdalstindane (1330 moh.) er eit fjell i ØrstaSunnmøre. Det ligg på nordsida av Bondalen. Frå Standalseidet nord for fjellet ser ein Nøre Grøtdalstinden, men ikkje hovudtoppen. Fjelltoppane Blåtindane og Nøvedalstinden ligg i nærleiken.

Britane W. Norman Ling og Harold Raeburn vitja toppen av Grøtdalstindane den 24. juli 1903.