Grande Roue de Paris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
La Grande Roue på eit postkort frå tida før 1914.

Grande Roue de Paris var eit pariserhjul med eit tverrmål på 100 meter som vart teke i bruk i 1900 i høve Verdsutstillinga i Paris i Frankrike dette året. Hjulet stod på Avenue de Suffren, i nærleiken av utstillingsbygningen Galerie des Machines, som hadde vore reist til verdsutstillinga (L'Exposition universelle de Paris) i 1889. Heilt fram til 1980-åra hadde La Grande Roue de Paris rekorden som det høgste pariserhjulet som har vore bygd.

Grande Roue de Paris vog 400 tonn og hadde 40 gondolar med form som jarnbanevogner, som kvar hadde plass til 30 personar. Hjulet var konstruert og drive av det engelske aksjeselskapet Paris Gigantic Wheel and Variety Company Ltd, som aldri fekk nok inntekter nok til å gje aksjonærane sine utbytte[1].

I 1921 vart gondolane på Grande Roue de Paris teke ned og nytta som småbutikkar for fillesamlarar og andre som dreiv handel med innsamla ting, og i 1937 vart sjølve pariserhjulet demontert for å nytte metallet til andre føremål.

La Grande Roue i enden av utstillingsbygningen Galerie des Machines på verdsutstillinga i 1900

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]