Griot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaliba Mamadou i Gambia

Griot er ein tradisjonell skald i vestafrikansk kultur; han er ein songar, musikar, historieforteljar, historikar og tidlegare òg hoff-skald og talsmann for herskarar. I vår tid opptrer griotar ved dåp, bryllaup, gravferder, idrettsarrangement og politiske møte.[1][2]

Det finst griotar i fleire land og folkegrupper i Vest-Afrika: mellom anna mandefolka (mandinka, malinké, bambara mfl.), fulɓe (fulani), hausa, songhai, tukulóor, wolof, serer, mossi, dagomba og susu. Ordet griot stammar truleg frå det franske guiriot, som igjen kjem frå det av portugisiske criado, den maskuline forma av «tenar». I dei ulike folkegruppene er griotane kjende under fleire ulike namn: jeli blant mandefolka i nord og jali i sør, guewelwolof og gawlofulfulde.

Griotar brukar instrument som balafon, kora, bolon og ngoni.[1]

Historisk sett har griotane tilhøyrd eit slektsbasert laug eller ein kaste, der ein giftar seg innan kasten og yrket går i arv.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Kjelde for sitat og vurderingar er Ingse Skattum si innleiing til Sundjata, 2013
  2. Saether, E (2003), The Oral University - Attitudes to music teaching and learning in the Gambia, Malmö academy of music, Malmö.