Hausafolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tre hausakvinner
Hausamenn i kaftanar og fulaniluer (kufi).

Hausafolk er ei av dei største folkegruppene i Vest-Afrika. Framfor alt i det nordlege Nigeria og i Niger utgjer hausafolket store delar av befolkninga. Folket taler språket hausa og er muslimar.[1] Tradisjonelt er hausafolk jordbrukarar, men mange er òg blitt handelsfolk.[2]

Hausafolk held først og fremst til i nordlege delar av Nigeria, Niger, Ghana, Kamerun, Benin og Togo og sørlege delar av Niger, Tsjad og Sudan, med ein stor minoritet i Elfenbeinskysten.[3][4]

Nord i Nigeria ligg dei sju tradisjonelle byane til hausafolket: Biram, Daura, Gobir, Kano, Katsina, Rano og Zaria, som lenge har vore viktige maktsenter.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Alv Alver. «hausa». Store norske leksikon. Henta 11. desember 2010. 
  2. «hausa». Nationalencyklopedin. Arkivert frå originalen 11. mars 2011. Henta 11. desember 2010. 
  3. Wolff, H. Ekkehard. «Hausa language». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 14. oktober 2020. 
  4. «Spread of the Hausa Language». Worldmapper (på engelsk). Henta 14. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hausafolk
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.