Gross Wannenhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°29′37.8″N 8°05′51.5″E
Gross Wannenhorn
fjell
none  Gross Wannenhorn
Gross Wannenhorn
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
høgd 3 906 moh
skardhøgd 626 m ↓ Finsteraarhorn
koordinatar 46°29′37.8″N 8°05′51.5″E
Førstestiging av Gottlieb Studer, Rudolf Lindt, Kaspar Blatter, Peter Sulzer klatra
 - dato 6. august 1864
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Gross Wannenhorn er eit 3 906 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Valais. Frå fjelltoppen er det open utsikt til dei 4000-meters-fjella i Bern-Alpane som ligg i nord, og mot sør over Rhone-dalen til Wallis-Alpane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjellet er det høgste av dei såkalla Walliser Fiescherhörner. Desse fjelltoppane er omringa av brear på alle kantar, også på sørsida. Austover buktar Fieschergletscher seg, vestover renn Aletschgletscher. I nordvestleg retning ligg Konkordiaplatz. I nord vert desse fjella, som ikkje må forvekslast med toppane Hinter Fiescherhorn og Gross Fiescherhorn, skilt frå Grünhorn av Grünhornlücke.

Gross Wannenhorn er ein tvillingtopp. Nordtoppen er ein steil knaus, medan sørtoppen er meir flatvoren. Austsida av fjellet er mykje bredekt. Vestsida består av bratte bergveggar, avbrotne av fleire breband, som fell ned mot Aletschgletscher. Mot sør fører ei egg over Wannenhornsattel (3669 m) til det litt lågare Kleinen Wannenhorn (3707 m). Beint i nord ligg grannen, det 3854 moh høge Schönbühlhorn.

Gross Wannenhorn over Aletschgletscher

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Fyrste bestiginga av Gross Wannenhorn fann stad 6. august 1864. Gottlieb Studer, Rudolf Lindt, Kaspar Blatter og Peter Sulzer klatra då opp austryggen. Nedturen frå fjellet gjekk vidare mot vest, så klatrelaget var og det fyrste som traverserte fjellet frå aust til vest. Nordvestegga vart klatra fyrste gongen i august 1922. Søraustegga vart klatra ned tidlegare enn ho vart klatra opp, høvesvis 1907 og 1919.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]