Finsteraarhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finsteraarhorn
fjell
Finsteraarhorn sett frå sør
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 4 274 moh.
Primærfaktor 2 280 m ↓ Mont Blanc
Koordinatar 46°32′14.9″N 8°07′33.7″E
Lettast tilkomst fjell- og snøklatring over sørvestflanken og nordvestegga
Førstestiging Jakob Leuthold
 - dato 10. august 1829
Kart
Finsteraarhorn
46°32′15″ N 8°7′34″ E
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Finsteraarhorn

Finsteraarhorn (4274 m) er det høgste fjellet i Bern-Alpane, i kantonen Bern og i Sveits aust for fjellskaret Lötschberg og Simplonpasset, i tillegg til at det er det høgste fjellet i nedslagsfeltet til Rhinen. Den markante toppen dominerer panoramaet i heile Sentral- og Aust-Sveits. I Alpane er det berre to fjell med primærfaktor høgare enn Finsteraarhorn. Sidan 2001 er heile massivet omfatta av UNESCO si verdsarvliste.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Omgjeven av bredalar vert Finsteraarhorn sjeldnare besøkt enn dei nærliggjande toppane Jungfrau og Eiger. Vest for fjellet ligg Fieschergletscher, den tredje største breen i Alpane. I aust ligg Store Aargletscher og nord for massivet finn vi Nedre Grindelwaldbreen. Finsteraarhorn er omgjeven av toppane Schreckhorn og Lauteraarhorn i nord, Gross Fiescherhorn, Grünhorn og Gross Wannenhorn i vest og Oberaarhorn i aust.

Fjelltoppen ligg på grensa mellom kantonane Valais og Bern, og er samstundes vasskilje mellom elvane Rhone (Middelhavet) og Rhinen (Nordsjøen). Kjeldene til Rhinen finst rundt Finsteraarhorn.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Finsteraarhorn er ein del av Aar-massivet. Massivet, som kjem i dagen i dei vestlege delane av Bern-Alpane og går vidare inn i Uri-Alpane, består av geologisk krystall. Heile massivet høyrer til den helvetiske geologisona og består av kontinentale bergartar, i hovudsak granittar og gneisar. Sjølve toppen består av amfibolitt, ein metamorf bergart rik på gneis.

Finsteraarhorn sett frå aust

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Fyrste forsøket på å nå toppen av Finsteraarhorn fann stad 16. august 1812. Rudolph Meyer, i fylgje med fjellførarane Arnold Abbühl, Joseph Bortes og Aloys Volker, hevda å ha vore på toppen. Dei klatra søraust-egga, ei rute som er både lengre og vanskelegare enn det som i dag er normalruta. Ein av fjellførarane, Arnold Abbühl, vart i 1828 spurd av Franz Joseph Hugi om stiginga, utan å overbevise Hugi om at dei hadde nådd til topps. Året etter fann Hugi ingen teikn til tidlegare stigingar.

Hugi sjølv, saman med A. Abbühl, A Dändler, C. Lauener og J. Währenhad nådde 19. august 1828 til eit punkt, straks under toppen, som i dag vert kalla Hugisattel. Klatrarane måtte då gjere vendereis, grunna dårleg ver. Notatar frå turen viser at Hugi og Dändler risikerte livet under forsøket. Året etter vart fjellførarane Jakob Leuthold og Johann Währen dei fyrste til å klatre til topps, den 10. august 1829. Dei var med i eit klatrelag leia av same Franz Joseph Hugi. Han hadde fått ein lettare skade, så han gav seg på Hugisattel.

Den femte stiginga av Finsteraarhorn fann stad 13. august 1857. Eit klatrelag på ti mann, beståande av fem britar, tre sveitsarar og to franskmenn, klatra til topps. På toppen avgjorde britane at dei skulle stifte ei foreining som skulle få namnet Alpine Club .

Vanskelegaste ruta til toppen, som går opp nordaustveggen, vart klatra 16. juli 1904 av G. Hasler og fjellføraren F. Amatter. Denne bestiginga markerte byrjinga av klatringa av store, høge nordveggar i Bern-Alpane.

Panorama[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]