Gry Mølleskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gry Mølleskog
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. januar 1962 (62 år)
Bodø
Medlem av Det kongelege hoff

Gry Mølleskog (fødd 27. januar 1962 i Bodø) er ein norsk næringslivsleiar og tidlegare hoffsjef ved Det kongelege hoffet.[1] Mølleskog er no konsernsjef i det internasjonale live entertainment-selskapet All Things Live. Ho er også administrerande direktør for det norske dotterselskapet All Things Live Norway.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mølleskog var hoffsjef ved Det kongelege hoffet i Oslo frå 2015 til 2022.[3] Fleire norske medium rapporterte at ho var den fyrste kvinna i verda som leia eit kongeleg hoff.[4][5] Ho var tidlegare sjef for det kongelege sekretariatet ved Det kongelige hoffet.[6][7]

Mølleskog er utdanna som Master of Management frå Handelshøyskolen BI. Ho var i perioden 2006-2011 seniorpartnar i selskapet Korn/Ferry International AS i Oslo.[8] Ho var i 23 år tilsett i SAS og var blant anna senior vice president og leia avdelinga for dei kabintilsette i flyselskapet.[9] Frå 2004 til 2006 var ho stabssjef for staben til kronprinsparet ved Det kongelege hoffet.[10] Mølleskog har også hatt ei rekkje styre- og styreleiarverv, blant anna i Norsk Folkemuseum, Norwegian Property ASA, Quartz+Co, Posten Norge, SAS, Kronprinsparets humanitære fond og DnB NOR Finans. Ho har også vore styreleiar i Oslo Sporvognsdrift/Oslotrikken og nestleiar i styret til Hurtigruten Group.[11] Mølleskog er styremedlem i Stiftelsen H.M. Dronning Sonjas kunstnerstipend, som deler ut Queen Sonja Print Award[12].

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Gry Mølleskog blei 8. september 2022 tildelt Storkross av St. Olavs Orden for «fortjenstfullt virke i Kongefamiliens tjeneste». Ho blei utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden 20. desember 2021, Kongens Erindringsmedalje i 2018 og Kongens fortenestemedalje i 2012 som leiar for det kongelige sekretariat. I 2006 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.[13] Ho er også kommandør med stjerne av den danske Dannebrogordenen, har motteke storkrossen av Republikken Italias fortensteordenen[14] og er storoffiser av den portugisiske Fortenesteordenen.[15] I 2017 blei ho tildelt storkross av Den islandske falkeordenen i samband med statsbesøket til den islandske presidenten i Noreg.[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hoffsjefen fratrer - Det kongelige hoff 8. april 2022
  2. «New CEO appointed for All Things Live Group». All Things Live (på engelsk). Henta 3. november 2022. 
  3. «Hoffsjefen», Kongehuset, 11. august 2015. Lest 27. august 2015.
  4. «Første kvinne som hoffsjef», NRK, 13. mars 2015. Lest 5. september 2015.
  5. «Bodøkvinne blir verdens første kvinnelige hoffsjef», Fremover, 13. mars 2015. Lest 5. september 2015.
  6. «Gry Mølleskog blir ny hoffsjef», Kongehuset, 13. mars 2015. Lest 13. mars 2015.
  7. «Mette-Marits venninne blir sjef for ny hoffstab», NRK, 31. august 2012.
  8. «Gry Mølleskog» Arkivert 21. november 2008 på Wayback Machine., Korn/Ferry International.
  9. Stig Tore Laugen: «Bryter med kronprinsparet», VG, 21. oktober 2006.
  10. Stig Tore Laugen: «Håndplukker ny stabssjef», VG, 7. desember 2006.
  11. Svein Snefjellå: «Gry skal jakte hoder», Avisa Nordland, 19. desember 2006.
  12. «Dronningens kunstnerstipend», Kongehuset, 23. mai 2014.
  13. Tildelinger - Gry Mølleskog - kongehuset.no
  14. Dettaglio decorato Arkivert 19. desember 2013 på Wayback Machine., Presidente della Repubblica.
  15. CIDADÃOS ESTRANGEIROS AGRACIADOS COM ORDENS PORTUGUESAS, database over ordenstildelinger, Portugals presidentembete.
  16. Orðuhafaskrá Arkivert 16. april 2017 på Wayback Machine., oversikt over tildelinger fra Islands president. Lest 15. april 2017.