Gujranwala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°9′N 74°11′E
Gujranwala (گوجرانوالا)
by
none
Land Flag of Pakistan.svg Pakistan
Region Panjab
Distrikt Gujranwala
Koordinatar 32°9′N 74°11′E
Areal 3 198 km²
Folketal 1 132 509 (august 2014[1])
Tidssone PST (UTC+5)
 - Sommartid PDT
Wikimedia Commons: Gujranwala

Gujranwala (urduskrift گوجرانوالا‎) er ein pakistansk industriby som ligg i Gujranwala distrikt i Panjab. Han er den sjuande folkerikaste av storbyområda i Pakistan,[1] og er ein av dei raskaste veksande byane i landet.[2] Gujranwala ligg 226 meter over havet.[3] Han grensar mot Ghakhar Mandi, Alipur Chatha, Kamonke og fleire mindre byar og landsbyar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Gujranwala» viser til at byen blei bygd av gurjarar.[4] Namnet blir også knytt til riket Gurjara-Pratihara.[5] Ifølgje Imperial Gazetteer of India blei byen omdøypt Khanpur av sansi-jattar frå Amritsar som slo seg ned, men det eldre namnet overlevde.[4]

Gujranwala blei viktig under framveksten av Sikh-riket på 1700-talet. Han var fødestaden til grunnleggjaren av riket, Ranjit Singh, og hovudstad for føregjengarane hans, faren Maha Singh og farfaren Tsjarat Singh.[4] Sikh-leiaren Hari Singh Nalwa reiste mykje av den «nye» byen.[6]

Området kom under britisk styre i 1848. I 1881 blei det bygd ei jernbanelinje langs hovudvegen Grand Trunk Road som band saman Gujranwala med andre byar i Panjab og letta handel.[4]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Gujranwala har steppeklima (BSh etter Köppen si klimaklassifisering).[7] Om sommaren (juni til september) kan temperaturen koma opptil 36 °C. Dei kaldaste månadane er som regel november til februar, då gjennomsnittet klan ligga på 7 °C. Månadane med høgast nedbør er som regel juli og august, når monsunen kjem til Panjab. I dei andre månadane er gjennomsnittleg nedbør rundt 25 mm. Dei tørraste månadane er som regel november til april, med lite nedbør.[8]

Kulturarv i Gujranwala[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]