Grand Trunk Road

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grand Trunk Road (på avsnittet Ambala–Delhi) ca. 1900

Grand Trunk Road (kortform GT Road) er det engelske namnet på ein viktig ferdselsåre i Sør-Asia. Den er blant dei eldste og viktigaste vegane i Asia. Den 2500 km lange vegen følgjer i stor utstrekking det nordindiske slettelandet og har i fleire hundreår vore ferdselsveg mellom det som i dag er statane Pakistan, India og Bangladesh.

Start- og sluttpunkta for Grand Trunk Road er i vest Khaibarpasset og i aust Sonargaon. Frå Peshawar i Pakistan går vegen gjennom Rawalpindi og Lahore til den indiske–pakistanske grenseovergangen Wagah. I India går han gjennom byar som Amritsar, Ambala, New Delhi, Kanpur, Allahabad, Varanasi og Kolkata. I Bangladesh endar han i Sonargaon i distriktet Narayanganj.

I India, med storparten av vegen, har han mellom Kolkata og Delhi nemninga National Highway 2 (NH-2), medan avsnittet mellom Delhi og Wagah heiter NH-1.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Allereie under Maurya-riket i antikken vart vegen nytta mellom anna av grekarane. På 1500-talet vart vegen utbygd av sultan Sher Shah for å skapa eit samband mellom residensbyen hans Agra og heimbyen Sasaram. Denne vart kalla Sarak-i-Azam («Kongsvegen»), og vart grunnstammen i Grand Trunk Road.

Med tida vart vegen særs viktig som regional handelsveg. Kort etter at han vart etablert, vart han utstyrt med mange karavanserai. Det vart vidare planta mange tre langsetter for å gje dei reisande skugge. Vegen betra infrastrukturen til regionane, og vart òg brukt som hærveg, til rask forflytning av militære styrkar. Kort etter at han var ferdig vart han ytterlegare utvida, vestover til Multan og austover til Sonargaon i Bengal.

Etter at Sher Shah døydde i 1545 vart vegen forlenga vestover, slik at han førte gjennom Khyberpasset i Hindukush til Kabul i dagens Afghanistan. Under det britiske styret vart vegen – då òg kalla Long Walk – utvida til Kolkata og Peshawar.

Ved delinga av Britisk India i 1947, då Pakistan vart etablert, var Grand Trunk Road åstad for eit av dei største flyktningdramaa i moderne historie, då hinduar flykta mot midten, inn i dagens India, og muslimar utover til austlege og vestlege delar av Pakistan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Farooque, Abdul Khair Muhammad (1977). Roads and Communications in Mughal India
  • Weller, Anthony (1997). Days and Nights on the Grand Trunk Road: Calcutta to Khyber Marlowe & Company.
  • Rudyard Kipling: Kim. Elektronisk kopi ved Prosjekt Gutenberg (Grand Trunk Road)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]