Gullberlokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gullberlokk frå omlag år 125 e. Kr. frå urnegravfeltet i Darzau, Lüchow-Dannenberg, Niedersachsen, Tyskland. Gullberlokken er no i Archäologisches Museum Hamburg/Helms-Museum

Gullberlokk er den arkeologiske nemninga på særs små kvinnesmykke av gull frå den eldre parten av jarnalderen, eldre romartid, og framover. Dei er to-tre centimeter store, har skapnad som ei omvend drope, og har auge til å tre ei kjede gjennom, slik at dei kan hengjast ikring halsen. Dekoren er gjort i ein komplisert filigrans- og granulasjonsteknikk, som går ut på at fletta eller vridde gullband og små klynger av gullkuler er festa til overflata. Truleg skriv denne gullsmedkunsten seg frå Søraust-Europa. Dei fleste gullberlokkane er funne i Sør-Skandinavia og på kontinentet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]