Filigran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erlandssølje, filigransarbeid i sølv, namngjeve etter sølvsmeden Søren Erland, innkjøpt i 1878 i Øystre Slidre, Oppland. NF.1994-0097
Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum
Tallerken i filigranteknikk.

Filigran (frå latin filum, tråd, og granum, korn) er tynn metalltråd som vert bøygd, fletta eller vridd i mønster og lodda saman, eller lodda til eit underlag av metall, særleg nytta i gullsmedkunst, særleg i smykke, men òg i anna finsmedarbeid. Små «korn», kuler (norsk «kjørnar») av same metall vert ofte sett inn i kryss og mellomrom.

I det gamle Egypt vart filigran laga med eller utan underlag i smykkekunsten under Det nye riket (om lag 1550-1069 f.Kr.). Ein høgt utvikla filigranteknikk er representert i gresk og etruskisk smykkekunst frå 500-talet til 300-talet f.Kr., og vart vidareført i romersk gullsmedkunst, som smykket funne i Pompeii synar døme på. Filigran vart òg nytta tidleg i Kina, India, og deretter i andre land i Orienten og Asia. Bysants har vore sentrum for europeisk filigrankunst i mellomalderen. I Norden vart det frå tidleg i eldre jarnalder og framover gjort filigranarbeid av høg kvalitet, som funna gullberlokkar gjev gode døme på. Renessansen og barokken var ei tid for dei beste filigranarbeida. Seinare var det mest i folkekunsten filigran vart nytta, både i Norden og Europa elles, ofte i ein etter måten grov teknikk.

I Noreg blomstra filigranteknikken opp att i siste halvdel av 1800-talet. Gullsmed Jacob Tostrup (1806-1890) i Christiania (Oslo) henta sølvsmedar frå bygdene inn til sin verkstad for å produsere «bygdesmykke», men etter kvart vart det òg laga typiske «bysmykke». Filigransmykke i tradisjonell utforming, søljer og liknande, vert framleis laga i Noreg til bruk på folkedraktene, bunadene. Frå ikring 1880 vart filgran òg nytta i den nye emaljeproduksjonen hjå mellom anna Tostrup og David Andersen (1843-1901, skiparen av firmaet David-Andersen AS), då filigran vart eit viktig innslag i trådemalje-teknikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]