Guro Heddeli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Guro Heddeli var ei jente frå Grunningsdalen i Seljord i Telemark. Ho er hovudpersonen i ein segnkrins knytt til ein av dei mange pestepidemiane som herja i Noreg etter Svartedauden. Desse segnene er handsama litterært i diktsamlinga med same namn av Jørund Telnes (1886). Mange av dikta frå denne samlinga vart folkeviser i Seljord, og er sungne på folketonar den dag i dag. Det høyrer og ein slått til denne segnkrinsen, ein variant av gangaren «Tjønnbergen».

Segna og dikta fortel at Guro var storlåten, og dotter av den førande bonden i Grunningsdalen. Difor var det mange som bela til henne, og fleire av visene fortel om korleis desse friarane slåst om Guro til blodet rann. Den som sistpå vann Guro var Torgeir Uppstad, etter at han hadde drepe førre friaren hennar.

Forteljinga om Guro endar med at pesta kom til Grunningsdalen, og drap alle som budde der. Etter dette var dalen liggjande øyde, og vart aldri bygd sidan.

Etter segnene skal Guro ha mist livet i den siste store pestbølgja i Telemark, som gjekk over bygdene der tidleg på 1600-talet. Det er noko usemje om året for farsotta var 1626 eller 1635.

Etter presten Willes Beskrivelse over Selljord frå 1786 døydde folket i dalen ut under denne pestbølgja. Seinare vart dalen verande ubygd på grunn av jordskred.