Slått

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For slått i jordbruket, sjå slåttonn.

Slått er den vanlege nemninga på eit folkemusikalsk stykke musikk, oftast norsk, men ordet er og nytta i Sverige. Slåttane er spela på hardingfele, langeleik, bukkehorn eller tussefløyte. Ordet «slått» skriv seg frå verbet slå,[1] noko som peikar mot at slåttemusikken opphavleg var «slått», med plekter eller med fingrane, over strenger, som på harpeleik eller langeleik. Felebogen kom inn i folkemusikken seinare enn omgrepet.

Slåttemusikk kan brukast som dansemusikk til bygdedans og gammaldans. Han kan òg vera instrumentalmusikk som ikkje er meint å dansa til.[1]

Lokale nemningar[endre | endre wikiteksten]

Slåtteomgrepet varierer noko frå stad til stad. Nemninga «slått» er tradisjonelt nytta i Telemark, sentrale delar av Vestlandet og i Numedal. Hallingdal og Valdres nyttar nemninga «lått», (av låte). Setesdal nyttar omgrepet «slag» (skyldt det nærliggande «slått»), medan Gudbrandsdalen har omgrepet «leik» (læk).

Slåttetypar[endre | endre wikiteksten]

Slåttane kan grovt sett delast i to hovudtypar: slåttar i todelt takt (gangar), og slåttar i tredelt takt (springar). Som underformar kan ein òg rekne bruremarsj og lydarslått. Den siste har mest vore nytta i Valdres.

Funksjonsområde[endre | endre wikiteksten]

Slåttane har vore mykje nytta til dans, og er frå gamalt av rekna som kjernen i bygdedans-musikken. Dette gjeld for det meste springartypane. Gangarane har eit meir utvida virkefelt, og har vore nytta som ritualmusikk i høve livshøgtidene, barsel, bryllaup og gravferd. Før marsjane kom, var det nytta brureslåttar, som det finst mange av i tradisjon frå Hordaland. Til bryllaup vart det og spela eigne grautaslåttar, og nøringsslåttar (Grålysingar). Av desse er gangaren Nøringen mest kjend i dag.

Det fanst òg slåttar som var nytta til mekling (gangaren «Meglaren»), eller om det vart slagsmålFanitullen»).

Mykje tyder då på at slåttemusikken var ein sentral av det rituelle livet til folk i det førindustrielle bondesamfunnet.

Tradisjonsoverlevering[endre | endre wikiteksten]

Det var vanleg at slåttane vart ført vidare av spelemenn, som sjølv gav slåttane vidare til utvalde læregutar. Nokre spelemenn var vrange på slåttane sine og ville ikkje gje dei frå seg, og nokon var særs medvetne på val av læresveinar. Spelet vart overført tak for tak, og frå munn til øyre i generasjonar, men kvar spelemann forma slåttane ut på sitt vis. Slik kunne ei form vekse og brigde seg i mange ulike variantar, og nokre av dei best lika slåttane vann åtgaum over store område og vart vandreslåttar.

Innsamlingsarbeid[endre | endre wikiteksten]

nasjonalromantikken slo inn, vart byfolk merksame på slåttemusikken, og frå 1850 om lag tok folk til å notefeste slåttane. Frå 1910 vart det og gjort innsamling gjennom lydfesting, og slik vart mykje slåttekunne teke vare på for ettertida. Spelemenn som sjølv kunne notar, valde å skrive slåttar ned, og utvikla teknikkar for transkribering av lydbiletet slåttane gav. Frå 1950 vart dette samlingsarbeidet standardisert, og største luten av slåttar vart trykte og gjevne ut.

Slåttemusikken i Noreg er i dag teke vare på gjennom aktive spelemannslag, og gjennom kappleikslivet. Tonekjensla og rytmen har vore utnytta av ei rekkje norske komponistar.

Slåttar i kunstmusikk[endre | endre wikiteksten]

Ole Bull var ein kjend fiolinist som mellom anna framførte slåttar på konsertane sine. Edvard Grieg komponerte ei samling klaverstykke som bygde på slåttemsuikk etter Knut Dale, Slåtter. Slåttegrunnlaget var blitt skrive ned av Johan Halvorsen. Også Harald Sæverud har skrive slåtteinspirert musikk samla som Slåtter og stev fra Siljustøl , der «Kjempeviseslåtten» er det mest kjende verket. Klaus Egge fann inspirasjon i slåttemusikken til dømes til si Fiolinsonate op. 3 og «Gukkoslåtten».

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Slått: musikk» (24. november 2011), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. januar 2015.