Gus Van Sant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gus Van Sant

Gus Van Sant (fødd 24. juli 1952) er ein amerikanske regissør, fotograf, musikar og forfattar. Han bur i Portland i Oregon.

Han byrja karrieren med å regissere ulike fjernsynsreklamar. Han er homofil, og filmane hans handlar ofte om homoseksualitet og andre minoritetsgrupper utan å alltid setje dei i eit positivt lys.

Filmografien hans som manusforfattar og regissør omfattar ein adapsjon av Tom Robbins sin roman Even Cowgirls Get the Blues, som har eit mangfaldig skodespelarutval (Keanu Reeves, Roseanne Barr, Uma Thurman og cameoer av forfattaren William S. Burroughs og skodespelaren Heather Graham med fleire); og I drift mot Idaho, som også hadde Reeves på rollelista, pluss den no avdøydde River Phoenix (Van Sant planla også å regissere ein biografifilm om kunstnaren Andy Warhol med Phoenix i hovudrolla, men kansellerte prosjektet da Phoenix døydde). Han er kanskje mest kjend for å ha regissert Good Will Hunting.

Gus Van Sant vann Gullpalmen under Cannes filmfestival i 2003 for filmen Elephant, som er inspirert av Columbine High School-massakren.

Som skodespelar har Van Sant opptredd som cameo i Kevin Smiths komediefilm Jay and Silent Bob Strike Back, der han spelte seg sjølv. I filmen teljar han pengar han har fått i inntekt frå Good Will Hunting-filmen.

Han har skrive filmmanus til dei fleste filmane han har regissert. Han har også skrive bøkene Pink og 108 Portraits, kor den siste inneheld fotografi som han har tatt.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

.