Gustav Leonhardt
Gustav Leonhardt | |
![]() | |
Fødd | 30. mai 1928 |
---|---|
Fødestad | 's-Graveland, Nederland |
Død | 16. januar 2012 (83 år) |
Dødsstad | Amsterdam |
Opphav | Kongeriket Nederlanda |
Aktiv | 1950–2012 |
Sjanger | klassisk musikk |
Instrument | orgel, cembalo |
Plateselskap | Virgin Veritas, Philips Records, Teldec, Sony Classical, Alpha |
Verka som | dirigent, organist, cembalist, korleder, musikkforskar, universitetslærar, pianist, komponist |
Gift med | Marie Leonhardt |
Prisar | Erasmusprisen, Zilveren Anjer, Bach Medal |

Gustav Leonhardt (30. mai 1928–16. januar 2012), var ein nederlandsk cembalist, organist og pianist. Han kunne også spela klavikord og klaviorganum.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Gustav Leonhardt studerte orgel og cembalo ved Schola Cantorum Basiliensis i Basel i Sveits frå 1947 til 1950. Vidare studerte han musikkologi i Wien frå 1950, og han vart professor i cembalo både ved musikkakademiet i Wien og i Amsterdam i 1950-åra. På denne tida starta han å spela inn Johann Sebastian Bach sine cembalo-komposisjonar, t.d. Goldberg-variasjonane og Die Kunst der Fuge. Han skipa også barokkensemblet Leonhardt-Consort, som han sjølv var leiar for. Ein av medlemmene i ensemblet var kona hans, Marie Leonhardt.
Frå 1971 samarbeidde Leonhardt saman med cellisten Nikolaus Harnoncourt med å spela inn heile den komplette fyrste syklusen med Bach-kantater. Prosjektet varte i 20 år, dei vart ferdige i 1990. Leonhardt har også spelt Mozart samt renessansekomponisten William Byrd på ulike tangentinstrument. Han hadde i tillegg mange cembaloelevar; ein av dei er norske Ketil Haugsand.
Leonhardt opptredde for siste gong den 12. desember 2011 i Paris. Etter dette sleit han med dårleg helse, og måtte kansellera alle speleoppdrag i 2012. Han døydde i Amsterdam, 83 år gamal.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen byggjer på «Gustav Leonhardt» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2011.