Gustav I av Sverige
| Gustav Vasa | |||
| | |||
| Konge av Sverige | |||
| Periode | 6. juni 1523-29. september 1560 | ||
|---|---|---|---|
| Fødd | 12. mai 1496 på Rydboholm gard ein mil nord for Stockholm i Uppland | ||
| Fødestad | Rydboholm Castle, Lindholmens | ||
| Død | 29. september 1560 på Stockholms slott | ||
| Dødsstad | Stockholm, Tre Kronor slott | ||
| Mor | Cecilia Månsdotter | ||
| Far | Erik Johansson Vasa | ||
| Ektefelle | |||
| Barn | |||
| Motto | Omnis potestas a Deo est | ||
| Føregangar | Kristian II | ||
| Etterfølgjar | Erik XIV | ||
Gustav Vasa, eigentleg Gustav Eriksson (12. mai 1496–29. september 1560), var konge av Sverige frå 1523 fram til han døydde.
I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, konge av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av dei svenske adelege var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I eit forsøk på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav sine foreldre, massakrert i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Der prøvde han å overbevise folk i Mora til å gjera opprør mot kongen, men lukkast ikkje. På ski drog han då vidare mot Noreg, fram til han vart teke att av to skiløparar i Sälen. Mennene i Mora hadde endra meining og ønskte at Gustav skulle leie opprøret. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa vald til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Den 12. januar 1528 vart han krona i Uppsala domkyrkje.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne historieartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |