Vasa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vasa
kommune
Vaasa Wasaborg.jpg
Våpenskjold
Land Flag of Finland.svg Finland
Fylke Österbotten
Areal 397 km²
Folketal 58 597 (2008)
Grunnlagd 2. oktober 1606
Ordførar Markku Lumio
Språk finsk og svensk
Wikimedia Commons: Vaasa

Vasa (finsk Vaasa) er ein bykommune i Finland, og administrasjonssenteret i Västra Finlands län. Vasa kommune grensar til kommunane Korsholm og Malax. Vasa er ein tospråkleg kommune med finsk som majoritetsspråk (69,8 %) og svensk som minoritetsspråk (24,8 %). I omlanda til Vasa er det svensk som er majoritetsspråk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vasa vart grunnlagd i år 1606 av kong Karl IX av Sverige, og fekk namn etter den svenske kongeætta. Vasa vart ein viktig handels- og sjøfartsby på 1800-talet. Den gamle byen Vasa låg opphavleg ved kysten (i noverande Mustasaari kommune) men landhevinga har gjort at denne delen av byen ikkje er tilgjengeleg frå sjøen lenger.

I 1852 vart byen herja av ein stor bybrann. Etter dette vart han flytt 7 km lenger vest, attmed den nye strandlina, og skifte namn til Nikolaistad (finsk Nikolainkaupunki). Dette namnet hadde byen fram til 1917, sjølv om folk lokalt brukte namnet Vasa i denne tida. Under den finske borgarkrigen i 1918 var Vasa sete for senatet, sentrum for dei "kvite", og dimed hovudstaden i Finland. Etter dette fekk Vasa rett til å føre fridomskrossen åt Finland i byvåpenet.

Næringsliv og samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste arbeidsplassane er innanfor tenesteytande næringar, men det finst òg ein del industri, m.a. motor-, tekstil-, plast- og næringsmiddelindustri attåt produksjon av elektrisk og elektronisk utstyr. Wärtsiläkoncernen har ein mekanisk verkstad i Vasa.

Vasa er eit viktig knutepunkt for samferdsle i den vestlege delen av Finland. Byen har jarnbanestasjon, og lufthamna ligg 9 km sør for sentrum. Vasa har ferjesamband med Sundsvall og Umeå i Sverige.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Vasa har eige universitet, Vasa universitet, og fleire høgskular. Mellom anna har Åbo Akademi og Svenska handelshögskolan i Helsingfors kvar si underavdeling i Vasa.

Muséet Söderfjärdens Meteoria inneheld ei utstilling som viser meteorittnedslaget i området for 520 millionar år sidan. Kvarkens natursenter Terranova er eit informasjonssenter den fyrste og einaste staden i Finland som har kome på verdsarvlista til UNESCO: Kvarkens skärgård. Elles har Vasa eit historisk museum, kunstsamlinga Österbottens museum, opera, finsk- og svenskspråkleg teater, og moroparken Wasalandia.


Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]