Gymnarchus niloticus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gymnarchus niloticus
Gymnarchus niloticus
Gymnarchus niloticus
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Osteoglossiformes
Familie: Gymnarchidae
Slekt: Gymnarchus
Art: G. niloticus
Vitskapleg namn
Gymnarchus niloticus

Gymnarchus niloticus er ein elektrisk fiskeart i gruppea beintungefiskar (Osteoglossiformes). Han er den einaste nolevande arten i slekta Gymnarchus og familien Gymnarchidae. Fisken lever i myrer, sjøar og elvar rundt Turkanasjøen, Tsjadsjøen og elvane Nilen, Niger, Volta, Senegal og Gambia.[1][2] Populærnamn på fisken er aba, aba aba, frankfish, freshwater rat-tail, poisson-cheval og African knifefish.

G. niloticus blir over 150 cm lang og 19 kg tung.[3] Han har ein lang, tynn kropp og få finnar. Ryggfinnen er det viktigaste framdriftsmiddelet. Han er avlang og går langs ryggen av fisken mot den butte, finnelause halen.

Fisken er nattaktiv og ser dårlig. Han orienterer seg og jakter i mørket ved hjelp av eit svakt elektrisk felt, på liknande vis som elektrisk ål eller elefantfiskar. Som elefantfiskar har også G. niloticus ein uvanleg stor hjerne, som ein trur hjelper han til å tolka dei elektriske signala.[3]

Hofiskar legg egg i flytande reir som kan ha ein diameter på opptil 1 meter. Vaksne fiskar vaktar dei unge etter klekking.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A. Azeroual; M. Entsua-Mensah; A. Getahun; P. Lalèyè; T. Moelants; E. Vreven (2009), «Gymnarchus niloticus», IUCN Red List of Threatened Species. Version 3.1 (3.1). (International Union for Conservation of Nature.) 
  2. Froese, Rainer; Pauly, Daniel, red. (April 2014 version.), «Gymnarchus niloticus», FishBase 
  3. 3,0 3,1 3,2 P. H. Greenwood & M. V. Wilson (1998). J. R. Paxton & W. N. Eschmeyer, red. Encyclopedia of Fishes. San Diego: Academic Press. s. 84. ISBN 0-12-547665-5.