Gambiaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gambiaelva, engelsk Gambia River, er ei stor flod i Vest-Afrika. Ho er 1 130 km lang og renn frå Fouta Djallon-platået nord i Guinea til Atlanterhavet ved Banjul. Om lag halve floda er seglbar.

Frå Fouta Djallon renn elva nordvest inn i den senegalesiske provinsen Tambacounda, gjennom Niokolo-Koba nasjonalpark. Ho flyt saman med Nieri Ko og Koulountou før ho går inn i Gambia ved Fatoto. Her renn elva hovudsakleg vest, men med eit buktande løp, ein meander. Rundt 100 km frå munningen vider ho seg gradvis ut til ei breidd på over 10 km der ho renn ut i havet.

James Island, som ligg i Gambiaelva nær Juffure, blei brukt under slavehandelen frå Afrika til USA. Øya står nå på UNESCO si verdsarvliste.

I verket Roots (Røter), var elva ein av leietrådane til forfattaren Alex Haley som prøvde å finna opphavet til den amerikanske familien sin. Familietradisjonen hadde halde på orda «kamby bolongo», og sidan «bolongo» tyder rennande vatnmandinka, eit gambisk språk, meinte Haley at det måtte visa til Gambiafloda. Då han drog til Juffure fann han at den munnlege tradisjonen der svarte til den familien hans hadde.

Sattelittbilde av Gambiafloda