Hopp til innhald

Nakenfrøingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gymnospermae)
Nakenfrøingar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Nakenfrøingar Gymnospermae
Prantl, 1874
Barlindfrukt

Nakenfrøingar (Gymnospermae) er ei gruppe frøplantar som ikkje har fruktknute. Dette gjer at frøemna ikkje er tildekka, som hjå dekkfrøplantar, men nakne. Gruppa omfattar rundt 15 familiar og 855 artar, av desse er rundt 550 artar bartrer. Ei rekkje utdøydde grupper som Glossopteris og Dicrodium blir vanlegvis sammenfatta i ein egen underklasse som frøbregner.

Taksogrupperinga av nakenfrøplantane nedanfor byggjer på internasjonal taksonomi[1] med APG II-systemet frå 2003, og det nordiske standardverket Den nya nordiska floran (2003, på norsk Gyldendals store nordiske flora 2007).[2] med 5 klasser og 155 familiar i Norden. Hovudnamn som er sett i kursiv viser ordenar eller familiar som berre veks utanfor Norden og som i 2007 ikkje var med i dei 155 familiane i det nordiske standardverket.

  1. The Angiosperm Phylogeny Group
  2. Lennart Stenberg (red), Steinar Moen (norsk red): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007), ISBN 978-82-05-32563-0