Gyrihaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°05′42.47″N 10°22′52.55″E

Gyrihaugen (682 moh.) er ein kolle som ligg vest for LauvliaKrokskogen i Nordmarka, og aust for Steinsfjorden i Ringerike kommune. Gyrihaugen er godt synleg frå store delar Ringerike kommune og Hole kommune. Kollen er ein av dei høgaste toppane på Krokskogen. Frå sjølve toppen er det vid utsikt der ein mellom anna kan sjå Oslofjorden, Gaustatoppen, Blefjell og Norefjell.

Opp frå austsida av Steinsfjorden går det ein blåmerka sti til toppen via Mørkegånga. Sjølve Mørkegånga er eit trangt og mørkt gjel med stupbratte veggar. Inne i sjølve renna er det ein stålvaier til å halde seg i, då det fleire stader er nokre bratte opptak.

Gyrihaugen har fleire gonger vore kjentmannspost på Krokskogen, seinast i 1998 – 2000.

På 1950-talet oppretta Forsvaret ein mikrobølgeradiosendar på toppen som ledd i det å skape eit militært radionett over heile landet. Etter kvart har det komme til fleire militære installasjonar.

Geologisk sett så er sjølve toppen og platået rundt danna av harde permiske basaltar. Desse ligg som eit dekke over mykje eldre og mjukare skiferlag. Overgangen mellom desse laga blir lett synleg i form av den bratte kanten som åsrekka dannar mot vest.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]