Nordmarka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nordmarka (fleirtyding).
Nordmarka og dei andre skogs- og utmarksområda som vert rekna med til Oslomarka.
Svarttjernshøgda
Kikutstua
Lauvlia
Ringkollstua
Vatnet Sandungen sett frå Kjerkeberget

Nordmarka er eit stort skogsområde som som har fått namnet sitt av di det ligg nord for byområda i Oslo.

Nordmarka ligg i fleire kommunar i fylka Oslo, Akershus, Buskerud og Innlandet: Oslo, Hole, Ringerike, Jevnaker, Lunner og Nittedal. Delar av marka som ligg i Hole og Ringerike blir vanlegvis ikkje rekna med til Nordmarka, men sett på som eit eige skogsområde, kalla Krokskogen.

Nordmarka er eit særs intensivt utnytta område for skiidrett, tur- og andre friluftsaktivitetar, og som rekreasjonsområde reint generelt. Grensene for Nordmarka mot dei tettbygde områda og utbygningsområda i Oslo og dei andre kommunane som Nordmarka ligg i, og korleis området kan nyttast, er definert i dei reglane som gjeld for Oslomarka (sjå Lov 6. juni 2009 nr. 35 om naturområder i Oslo og nærliggende kommuner, og tilhøyrande føresegner). Skogsdriftselskapet Løvenskiold–Vækerø eig store delar av Nordmarka, medan Oslo kommune er eigar av store område innanfor si eiga kommunegrense.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nordmarka er den største og mest sentrale delen av Oslomarka, med høgaste punktet, Svarttjernshøgda (717 moh), i Jevnaker. I sør grensar Nordmarka til Oslo by ved Maridalsvatnet. I den sørlege delen grensar Nordmarka til Bærumsmarka i vest og Lillomarka i aust. Nordmarka strekker seg nordover så langt som til Roa, Jevnaker og Ringkollen. Vestre grense er Sørkedalen mot Krokskogen. Austre grense er Nittedal mot Romeriksåsane. Med det er ellers delte meiningar om kva for skogsområde som inngår i Nordmarka.

Berggrunnen i Nordmarka tilhøyrer det som i geologien vert kalla Oslofeltet, og er ein stor del dominert av rombeporfyr.

Naturvernområde[endre | endre wikiteksten]

Garder, hytter og serveringsstader i Nordmarka[endre | endre wikiteksten]

Dei største vatna i Nordmarka[endre | endre wikiteksten]

Oslomarkas Fiskeadministrasjon (OFA) disponerer fiskerettane i dei fleste av vatna i Nordmarka og andre vatn i Oslomarka, og driv kultiveringsarbeidet i dei mange fiskevatna. Dei sel fiskekort, som alle over 18 år treng for å kunne drive med sportsfiske her, og gjev ut ei nyttig bok om kva for vatn som det er tillate å fiske i, reglane som gjeld for fisket, kva for vatn det er verd å fiske i, kva slags fisk ein kan rekne med å få, og kor godt fiske ein kan rekne med i dei einskilde vatna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nordmarcken Skov vart første gongen merkt av på eit kart frå 1760. Truleg er namnet eldre, frå ei tid då «mark» hadde tydinga 'skog'. Nordmarka har vore og er framleis økonomisk viktig på grunn av skogen. Mesteparten av området høyrte til Nordmarksgodset som har gått i arv fram til Løvenskiold-slekta i dag.

Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Plakett på hytteveggen

L-sten er namnet på ei hytte som ligg på Vidvangen i Nordmarka. Namnet har bakgrunn i ein stein som ligg akkurat i hjørnet mellom dei tre fylka Oslo, Akershus og Buskerud. Hytta vart bygd av nokre ivrige turfolk som hadde stifta den uformelle klubben «Poseklubben». Etter forskjellige opplevingar med sovepose på ulike turar, fekk dei kjøpt ei tomt langt oppe i skogen. Hytta vart bygd i 1938-39, og vart så vidt tatt i bruk før andre verdskrig. Under krigen brukte mellom anna Forsvarets Overkommando hytta til møte mellom SL på hytta, som låg godt gøymt. Instruktørar og radiotelegrafistar vart utdanna her. Det blir fortalt at tyskarane visste om hytta, men klarte aldri å finne henne. Hytta var så seint bygd at den ikkje eksisterte på dåtidas kart. Under eit søk vart tyskarane òg villeia av eigaren på garden Kampen.

Folk frå Nordmarka[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Realitykongen fra Nordmarka klar for Mesternes mester Arkivert 2020-08-15 ved Wayback Machine.. Nab.no. Vitja 3. september 2020

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Abel, Egil Collett. Nordmarksfolk. Plasser og slekter gjennom 300 år. Grøndahl & Søn Forlag A.S. 1985. ISBN 82-504-0773-3
  • Bruun, Carl Christian Gustav. Fra Nordmarken – Fotturer i Nordmarka og på Krokskogen 1867-1890. Henning Østberg (red.). Bibliofilklubben 2008. ISBN 978-82-997118-2-1
  • Christensen, Trygve. Nordmarkas skiløpere – noen av dem. Eget forlag Sørkedalen/Oslo 2007. ISBN 978-82-992916-4-4
  • Grimstad, Sverre: Nordmarka – merker og mysterier. Andresen og Butenschøn Oslo 2008. ISBN 978-82-7981-053-7
  • Holtvedt, Reidar. Fra Nordmarka og Krokskogen. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard), Oslo 1972. ISBN 82-03-05088-3
  • Haakenstad, Helge. Vandringer i Nordmarka. Topografisk forlag, 2003. ISBN 978-82-7981-027-8
  • Jensen, Kai; Børretzen, Odd. Mitt Nordmarka. Orion, 2005. ISBN 978-82-458-0698-4
  • Lange, Ove. "NORDMARKA og Nordmarksgodsets historie". Dreyer Forlag, Oslo, 1966.
  • Moland, Tallak. Historien om Nordmarka: gjennom de siste 200 år. Christiania forlag, 2006. ISBN 978-82-997321-0-9
  • Pettersen, Marius Nergård. Markas 150 beste skiturer. Tun forlag 2007. ISBN 978-82-529-3166-2
  • Revil, Bjørn. Markaguiden. Gyldendal 2008. ISBN 978-82-05-37903-9
  • Ryvarden, Leif. NORDMARKA langs vann og grønne skoger. N.W Damm & Søn AS 2000. ISBN 82-512-0544-1
  • Raabe, Gunnar. Nordmarka og Krokskogen – sommer og vinter. Cammermeyers Boghandel 1947
  • Herre, Bernhard. En Jægers Erindringer. 1849

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]