Håkon Breivoll
| Håkon Breivoll | |||
| Fødd | 8. februar 1886 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 5. mai 1955 (69 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Håkon Martin Breivoll (8. februar 1886–5. mai 1955) var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar frå Ibestad. Han representerte Arbeidarpartiet i Troms på Stortinget i tida 1945-53.
Breivoll vart utdanna lærar i Tromsø i 1907 og underviste dei neste åra på skular i Kvæfjord, på Stokmarknes, på Skjervøy og i Sund i Lofoten. Frå 1915 til 1953 skulte han på Breivoll skule i heimbygda i Ibestad. Han dreiv farsgarden på Breivoll frå 1925.
Breivoll var ordførar i Ibestad frå 1923 til 1940 og på ny i 1945. Han var vararepresentant til Stortinget i 1934–36 og 1937–40. Etter representanten Alfons Johansen døydde i 1941, møtte Breivoll i hans stad då førkrigs-Stortinget var samla til storting i 1945. Ved stortingsvalet hausten vart han innvald som Troms fylke sin andrerepresentant, og vart attvald i 1949. Den fyrste perioden var han medlem i finans- og tollkomiteen, i den andre i kyrkje- og undervisningskomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1886
- Døde i 1955
- Stortingsrepresentantar for Troms
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1937-1945
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Vararepresentantar til Stortinget
- Ordførarar i Ibestad
- Ap-ordførarar i Troms
- Norske lærarar
- Folk frå Ibestad