Hårfrytle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hårfrytle
Hårfrytle
Hårfrytle
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Sivfamilien Juncaceae
Slekt: Frytle Luzula
Art: Hårfrytle L. pilosa
Vitskapleg namn
Luzula pilosa

Hårfrytle er ei plante i sevfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 15 cm høg og har lysgrøne blad som er 5-10 mm breie og står grøne om vinteren. Ho har slakt strå som tidleg legg seg ned. Blomsterblada er mørkbrune med kvit hinnekant. Frukta er ein gulbrun kapsel. Frøa har kvit saftfylt utvokster. Dei vert spreidde av maur.

Planta blomstrar kring april månad i skog og kratt. Ho er vanleg gjennom heile Noreg, og er funnen til fjells opp til 1300 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.