Sivfamilien
Utsjånad
Sivfamilien | |
Lyssiv | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Sivfamilien Juncaceae Juss., 1789 |
Sivfamilien er ei plantefamilie av einfrøbladingar. Plantene i denne slekta har trådsmale eller flate linjeforma blad og rundt fylt strå. Dei har små stjerneforma blomstrar med seks brune eller grøne blomsterblad, og seks (eller tre) mjølberarar, ein griffel og tre arr. Dei har kapselfrukt.
Artane manglar mykorrhiza. Familien er utbreidd over heile verda, men har få slekter, og berre to finst i Noreg.
Norske slekter
[endre | endre wikiteksten]- Sivslekta (Juncus)
- Frytleslekta (Luzula)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Dansk Wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.