Høgfartstog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ICE 3-togsett i nærleiken av byen Ingolstadt i Tyskland.
Shinkansen 300-serie (venstre) og 700-serie (høgre) på Tokyo stasjon.

Høgfartstog er jarnbanetog som køyrer vesentleg raskare enn annan jarnbanetrafikk.

Definisjonen på kva som er høgfartstog varierer frå land til land. EU-direktiv 96/48 definerer høgfartstog som tog som køyrer med minst 200 km/t på «eksisterande strekningar» og 250 km/t eller meir på spesielt tilpassa strekningar.[1] I andre land er det nok med 180. Tog som køyrer i meir enn 300 km/t vert gjerne kalla lyntog.

Høgfartstog i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den einaste høgfartsbana i Noreg er Gardermobanen som blant anna vert nytta av Flytoget. Flytoget har ein toppfart på 210 km/t. NSB type 73 er opphavleg konstruert for same toppfarten, men køyrde med redusert fart etter ei avsporing i 2001.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]