Jarnbanetog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tog med elektrisk lokomotiv og passasjervogner på høgfjellsstrekninga på Bergensbanen.
Godstog med konteinarar i Sveits.
Togsett med dieselmotor på Åndalsnes stasjon, endestasjon på Raumabanen.
Flytoget på sentralstasjonen i Oslo.
Kupé med seks køyer i nattoget mellom Bilbao og Barcelona i Spania. Nattog for persontransport vert meir og meir sjeldsynte i Europa på grunn av konkurransen med ikkje berre flya, men òg høgfartstoga, som gjer unna ei lang reise på få timar.

Eit jarnbanetog (eller tog) er etter gjengs meining to eller fleire vogner som er bygde for å køyre samansett i rekke på ein jarnbane for å kunne transportere ei stor mengd personar eller varer samstundes. I jarnbanefagleg samanhang treng ikkje eit tog vere meir enn eit lokomotiv eller liknande ute på lina.

I persontog kan vognene anten vere motorlause og verte trekte av eit lokomotiv fremst i togsettet, der føraren sit, eller dei kan vere bygde som sett av sitjevogner med eigen motor og med førarplass i kvar ende. Vognene i godstog er enkle konstruksjonar som alltid vert trekte av lokomotiv. Det er bremsar på alle hjula i eit tog.

I Noreg eig Jernbaneverket infrastrukturen, det vil seie skjenegangen, stasjonar og anna som høyrer med til dette, medan private, halvstatlege eller statlege selskap (som til dømes NSB) eig og driv toga.

Ulike kategoriar tog[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg å dele toga inn i ulike kategoriar etter kva dei fraktar og kva slags rute dei køyrer:

Persontog[endre | endre wikiteksten]

Persontog eller passasjertog er tog for transport av ferdafolk, eventuelt med vogner eller plass i vogner for transport av reisegods som syklar, barnevogner osb., eller mindre mengder anna gods. Persontog kan òg ha spesialvogner for å frakte personbilane til passasjerar i toget, såkalla «biltog».

  • Høgfartstog eller lyntog er persontog som køyrer i 200 – 250 km/t eller snøggare.
  • Regionaltog er persontog som går over lange strekningar, til dømes mellom Bergen og Oslo og berre stoppar på utvalde stasjonar.
  • Dagtog er elles ei vanleg nemning for persontog (regionaltog) som som nyttar ein stor part av dagen på heile strekninga, medan nattog er nemninga for persontog som nyttar storparten av natta for å køyre heile strekninga. Vogner med køyer til bruk for for ferdafolket, vert kalla sovevogner.
  • IC-tog eller InterCity (engelsk for «mellom byar») er persontog som går over mellomlange strekningar med stopp på større stasjonar. Nemninga InterCity vert nytta på litt ulikt vis i fleire europeiske land om tilsvarande mellomdistansetog, ofte om tog av ein høgare standard enn langdistansetoga. Om slike InterCity-tog kryssar landegrenser, vert dei vanlegvis kalla EuroCity.
  • Lokaltog er persontog som stoppar på alle stasjonar og haldeplassar på ei strekning.

Godstog[endre | endre wikiteksten]

Godstog er tog som berre fraktar gods. Vogner til transport av varer i store, lukka stålkonteinarar som kan flyttast med mobile heisekranar og spesielle hamnekraner mellom lastebilar, tog og skip har for det meste teke over for dei gamle, innelukka stykkgodsvognene der varene måtte lastast inn gjennom dører i sidene på vognene. Godsvognene kan òg vere spesialbygde for særlege typar gods, som til dømes med tankar for bensin, mjølk, vin, flytande kjemikaliar osb., med plattformer i ei eller to høgder for bilar, med faste stålkasser for malm, pukkstein, flis til papirfabrikkar osb., eller innretta for transport av tømmer og trelast og liknande.

  • Kipptog er godstog som køyrer i ei meir eller mindre fast rute fram og attende over etter måten stutte strekningar. Godstoget som i tidlegare tider gjekk attmed bryggene kring Akershus festning og over Rådhusplassen i Oslo på sin veg mellom godsstasjonane på Østbanestasjonen og Vestbanestasjonen før Oslotunnelen vart bygd, var eit slikt kipptog, kalla «østbanekippen», «vestbanekippen».

Arbeidstog[endre | endre wikiteksten]

Arbeidstog er spesialtog eller spesielle motorvogner med reiskap og innretningar for kontroll, vedlikehald og anna arbeid på skjener, køyreleidningar (straumtilførsla til toga) og det som elles har med jarnbanelina å gjere.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.