NSB type 73

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
NSB type 73
Kristiansand BM73 train01 2005-04-10.jpg
Informasjon
Type Elektrisk motorvogn
Litra BM+BFR+BMU+BFM
Produsent ADtranz StrømmenStrømmen
Byggeår 19992001
Bygde sett 16 A-sett, 6 B-sett
Passasjerar 204–243
Spesifikasjonar
Akselrekkefølge Bo'2' 2'2' Bo'2' Bo'2'
Lengd 106600 mm
Høgd 3700 mm
Totalmasse 215,1 tonn
Banemotor ABB MJA 250-2
Toppfart 210 km/t
Yting 1200 hk
882 kW
BMU73 - Interiør i standard kupé

NSB type 73 er eit elektrisk krengetog, bygd av ADtranz i perioden 1997 til 1998. Toget er eit motovognsett bygd over same lest som Flytoget, men er utstyrt med krengemekanisme.

Toget består av fire vogner, ei fyrsteklassevogn (BM73), ei bistrovogn og andreklassevogn (BFR73), ei andreklassevogn (BMU73) og ei barne/familievogn (BFM73). Alle vognene unntatt BFR har drift på to av fire aksler. Toget finst i to utgåver, ein variant for langdistansetog og ein for mellomdistanse (73B) (opphavleg merkenamn: «Agenda»). På avgangar med mange passasjerar blir det ofte køyrt åttevognstog med to sett. Tog 73B har ikkje bistrovogn og ikkje barneavdeling.

Dei opphavlege type 73-toga, marknadsført under namnet «Signatur», blir brukt som ekspresstog på Bergensbanen, Sørlandsbanen og Dovrebanen. Til saman 16 av desse setta er i teneste. Toga blei bygd mellom 1999 og 2001 og blei først sett i teneste på Sørlandsbanen i 1999. Type 73B blir mellom anna brukt på Østfoldbanen og til Gøteborg.

Type 73 leid av barnesjukdomar, den mest alvorlege var konstruksjonssvikt på understellet som førte til akselbrot. Dette førte til at eit tog spora av ved Nelaug stasjon i juni 2000. Toget hadde då låg fart. Akselbrotet førte til at Jernbaneverket innførte fartsavgrensingar for køyring med type 73. Hendinga fekk òg konsekvensar for Flytoget. Maksimalsnøggleiken blei redusert frå 210 til 160 km/t og det blei vidare avgjort at alle akslingane måtte bytast ut. Flytoget fekk godkjent nytt løpeverk i 2003 og kunne igjen køyre i 210 km/t. Innan sommaren 2004 var alle 73 og 73B bygd om med nye akslingar, boggirammer og forsterka krengemekansime, men NSB har trass i dette ikkje auka snøggleiken attende til det toga er konstruert for.

Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Lengd: Endevognene er 27,9 meter lange, dei to midtre vognene er 26,32 meter lange.
  • Masse: Endevognene har ein masse på 52 tonn, dei to midtre vognene 54 tonn.
  • Passasjerar: 204 sitteplassar på den opphavlege type 73. 243 sitteplassar på B-serien.
  • Maksimal snøggleik: 210 km/t

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]