H.M. Kongens gullmedalje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

H. M. Kongens gullmedalje er ein norsk medalje innstifta av kong Haakon VII i 1907.

Medaljen erstatta den tidligere H.K.H. Kronprinsens gullmedalje innstifta av kronprins Carl av Noreg og Sverige i 1849. Kronprinsens medalje blei ikkje delt ut etter 1905.

Medaljen blir årleg delt ut til «ein framifrå, yngre forskar for eit vitskapleg arbeid bedømt ved Universitetet i Oslo». Forskaren må vere under 35 år. Ifølgje reglementet må «arbeidet vere anerkjent som eit verksamt bidrag til fagfeltets forskningslitteratur». Fram til og med 1995 blei Hans Majestet Kongens gullmedalje lyst ut som ei prisoppgåve med ein gjeven tittel. Etter ein reglendring i 1995 blir medaljen delt ut for avhandlingar som alt er bedømte.

Medaljen har kongens portrett pryda på advers, mens revers har den latinske innskrifta «JUVENI OPTIMAE SPEI» («ung mann/kvinne av høgaste håp») inne i en laurbærkrans. Medaljen har ein diameter på 40 millimeter. Medaljen er forma ut av Ivar Throndsen, som var myntgravør ved Den Kongelige Mynt.

Regelementet for medaljen er skrivne av av det Akademiske kollegium, og ble godkjent første gongen 26. juni 1908. Dei første tildelingane skjedde 2. september same år.

Mottakarar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]