H.P. Lovecraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
H.P. Lovecraft

Howard Phillips Lovecraft i 1915
Statsborgarskap USA
Fødd 20. august 1890
Providence i Rhode Island i USA
Død

15. mars 1937 (46 år)

Yrke Forfattar
Sjanger science fiction, fantasy, fabelprosa, grøss
Religion ateisme
Far Winfield Scott Lovecraft
Mor Sarah Susan Phillips Lovecraft
Ektefelle Sonia Greene
Signatur
H.P. Lovecraft på Commons

Howard Phillips Lovecraft (20. august 189015. mars 1937), kjend som H.P. Lovecraft, var ein amerikansk forfattar som skreiv grøssar, fantasy, science fiction, poesi og spesielt undersjangeren weird fiction. Han var særleg kjend for skrekkfantasiane sine.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Lovecraft voks opp hjå mora og tantene etter at faren døydde av syfilis. Her las han mykje, og vart inspirert av gresk mytologi og arabiske segner. Bestefar hans fortalde han òg ei rekkje eventyr av det meir skumle slaget, og desse sogene la grunnlaget for den fiksjonen han skapte som vaksen. Lovecraft leid av mange nervesamanbrot, og var mykje inne på institusjonar når han ikkje skreiv.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Det Lovecraft er mest kjend for er Cthulhu-mytologien, skapt i ei lang rekkje små noveller om menneske som råker ut for Dei gamle, eldgamle gudar som søv, og som helst ikkje skal vekkjast. Desse, meinte Lovecraft, hadde skulda for mange hendingar i verdsrommet og i menneskesoga. Mange meiner at han sjølv trudde på dette, og levde einsleg og innestengd på slutten av livet.

Det meste av verka hans vart trykte i undergrunnsblad, kalla pulp-magasin, som det var mange av på den tida. Han skreiv mykje i samarbeid med Robert E. Howard, som skapte sogene om barbaren Conan.

Lovecraft har hatt stor tyding for skrekk-litteraturen, teikneseriar, filmar og fjernsyn. Både Babylon 5 og Buffy the Vampire Slayer er inspirerte av verka hans. Elles er verka gjort om til rollespel, og bøkene hans vert lesne av mange i goth-miljøet verda over. Fleire av novellene er omsette til norsk.

Innflytelse på Lovecraft[endre | endre wikiteksten]

Lovecraft blei ofte inspirert av sine eigne mareritt. Han byrja å bli interessert tidleg i barndommen då bestefaren fortalde han grøssar-historier.

Norsk bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vanviddets fjell & Fargen bortenfor tid og rom. Omsatt av Cato Pellegrini. Oslo, 1995.
  • Skrekken fra Dunwich og andre historier. Omsatt av Jens E. Røsåsen og Ragnar Askeland. Oslo, 1994.
  • Makabre historier. I serien Verdens beste spøkelseshistorier. Oslo, 1994.
  • Tingen på terskelen og andre hårreisende historier. Utval og omsetting ved Øyvind Myhre og Einar Engstad. Oslo, 1973

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]