HTC Corporation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
HTC Corporation
HTC.svg
HTC 台北新店總部大樓.jpg
Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Skipa15. mai 1997
DotterselskapBeats Electronics, S3 Graphics Sjå dette på Wikidata
EigarVIA Technologies Sjå dette på Wikidata
Bransjeelektronikkindustri
LandRepublikken Kina Sjå dette på Wikidata
HovudkontorNy-Taipei Sjå dette på Wikidata

HTC Corporation (tradisjonell kinesisk 宏達國際電子股份有限公司, forenkla kinesisk 宏达国际电子股份有限公司, pinyin Hóngdá Guójì Diànzǐ Gǔfèn Yǒuxiàn Gōngsī) eller High Tech Computer Corporation, kjent som HTC, er eit taiwansk teknologiselskap som vart skipa 15. mai 1997. Det har hovudkvarter i Xindian distrikt i Ny-Taipei på Taiwan. HTC var opphvleg ein original design manufacturer og original equipment manufacturer som designa og produserte berbare datamaskinar for andre veremerke.[1] I dag produserer det alt frå mobilar og nettbrett, men også tilbehøyr til produkta.

Selskapet byrja etterkvart også å laga smarttelefonar, hovudsakleg for Windows Mobile. Det var med på å skipa Open Handset Alliance, ei gruppe mobiletelefonprodusentar og nettverkoperatørar vigd utviklinga av operativsystemet Android.[2] HTC Dream (marknadsført av T-Mobile i mange land som T-Mobile G1) var den fyrste mobiltelefonen på marknaden til å bruka Android.

HTC byrja laga PDA og smarttelefonar i 2004 under varemerket Qtek. Det tok i bruk sitt eige namn for desse produkta i 2006, med lanseringa av HTC TyTN.[3]

Selskapet har ein årleg omsetnad på 9,5 milliardar dollar og dei har 13500 tilsette. HTC var på toppen i 2011, men har sidan den gong tapt marknadsverdi på 90 prosent.[treng kjelde]

HTC vart skipa av Cher Wang (王雪紅) og H. T. Cho (卓火土) i 1997.[4] Cher Wang har halde fram som ein av leiarane for selskapet.

HTC er hovudsponsor av sykkellaget Team HTC Highroad, noko som dei har vore sidan 2009.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «HTC Desire 526 price, specifications, features, comparison». NDTV Gadgets360.com (på engelsk). Henta 25. november 2017. 
  2. «Google unveils cell phone software and alliance». CNET News. 5. november 2007. Arkivert frå originalen 2012-03-14. Henta 8. juli 2010. 
  3. Waldock, Leo (15. juni 2006). «HTC launches its first Windows 3G phones». The Register. 
  4. «About HTC». HTC Corporation. Henta 1. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: HTC Corporation
  • HTC i Store norske Leksikon
  • About, htc.com