Haakon Natvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haakon Natvig
Fødd26. oktober 1905
Stavanger kommune
Død10. september 2003
Yrkelege, universitetslærar
EktefelleDorothea Sendstad, Tove Tau

Haakon Valde Natvig (26. oktober 190510. september 2003) var ein norsk lækjar frå Hetland i Rogaland. Han spesialiserte seg i hygiene og førebyggjande medisin, og var i 1952-75 professor i hygiene ved Universitetet i Oslo.

Natvig var direktørson. Sjølv utdanna han seg i medisin ved Universitet i Oslo. Han dreiv så privatpraksis i Fetsund frå 1932 til -35, deretter var han vitskapleg assistent ved Bakteriologisk institutt på Rikshospitalet 1936-40. I tida frå 1940 til 1952 arbeidde han som helseinspektør for Oslo helseråd. Natvig var til sist leiar av Hygienisk institutt ved Universitetet i Oslo frå 1952 til han vart pensjonert i 1976.

Natvig gav ut ei lærebok i hygiene og skreiv fleire bøker om førebyggjande medisin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]