Hetland herad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hetland)
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsikt over Hommersåk, ut Riskafjorden, tvers over Gandsfjorden i retning Hetlandshalvøya i bakgrunnen. Øya Uskjo oppe til høgre
Foto: Jon Torger Hetland Salte

Hetland herad er ein tidlegare landkommune på Nord-Jæren og Riska i Rogaland fylke fram til avvikling 1. januar 1965. Heradet blei etablert etter formannskapsloven i 1837, og var dei første tiåra ein jordbrukskommune. Hetland overførte areal for vekst til Stavanger kommune i fleire omgangar både på 1800 og 1900-talet. Randaberg herad blei fråskilt frå Hetland som eigen kommune i 1922.[1] Dei siste tiåra opplevde Hetland industrialisering, vekst og fortetta busetting nær Stavanger, men det låg òg gardar innåt bygrensa. Mange frå heradet hadde arbeidsplassar i byen, til dømes låg delar av kommuneadministrasjonen for Hetland inne i Stavanger sentrum.

Namnet Hetland kjem frå garden som ein gong dekte det meste av Hetlandshalvøya, dagens Stavanger aust, gardstunet er ikkje sikkert lokalisert, men kan ha vore nær staden der Frue kyrkje blei bygd.[2] Første leddet i namnet er norrønt hesli, 'stad med hasselskog'; hatl er nemning for hassel i vestnorske dialektar.[3] Stadnamnet Hetland er òg brukt som etternamn.

Heradet og kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Dei kyrkjelege institusjonane var vektige i Stavanger,[4] og det geografiske området som kommunen rådde over frå 1837 blei eit landherad innanfor Stavanger prestegjeld. Det fall saman med utbreiinga til Frue og Randaberg sokn til saman. Dette strekte seg over begge sider av ytre Gandsfjorden frå grensa mot dagens Sandnes kommune over Forussletta og nordover til og med Tungenes. Dessutan øyane i Gandsfjorden nord til og med Austre Åmøy på grensa mot Rennesøy herad. Grensa mot vest var Håland herad som inkluderte den seinare Madla kommune ein del av heradet. Aust for Gandsfjorden var Dale og Riska i heradet, inkludert Li, austover mot grensa til Høle herad. Eit mindre området rundt Vågen i Stavanger var ein eigen kommune, Stavanger, bykommunen vart omslutta av Hetland, og i nord mot sjøen.

I 1848 blei Hetland prestegjeld utskild frå Stavanger med to sokn, Randaberg og Frue sokn. Frå 1876 fekk prestegjeldet eit tredje sokn, Riskekverven, i samband med at Riska gamle kyrkje blei reist. Riskekverven blei omdøypt til Riska og Frue blei omdøypt til Hetland sokn i 1936.[5]

Først i 1855 fekk Frue sokn soknekyrkje, Frue kyrkje òg kalla Hetlandskyrkja.

Næringsliv og samvirke med Stavanger[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Hetland var 2864 i år 1835[6] og hadde vakse til 5076 fastbuande i heradet ved første folketeljinga etter 1837 som kom i 1866.[7]

Meieridrift i Stavanger amt kom i gang frå 1876 med Stavanger meieri. Frue meieri blei etablert i 1891, og Hetland meieri i 1905, alle tre med lokale innanfor bykommunen. Desse blei samla til eit felles meieri med namnet Frue meieri frå 1909. I 1912 hadde meieriet 750 leverandørar og tok i mot 9,39 millionar liter mjølk. Det var då rekna som landets nest største meieriforretning.[8]

Industriell verksemd i heradet på 1800-talet og tidleg 1900-talet inkluderte skipsverft med 50 tilsette frå 1830, dampbakeri, spinneri og veveri, møllebruk, sardinfabrikkar på Hundvåg frå 1907, samt brenneri og bryggeri.[9] I 1936/1937 var det 2467 skatteytarar i Hetland, av desse 570 fabrikk- og anleggsarbeidarar, 431 gards- og småbrukarar, 354 tenarar og 217 fiskarar og sjøfolk.[10] Fleire tettstader vaks fram og det største senteret blei Hillevåg. I 1948 hadde Hillevåg sykkelfabrikk, ullvarefabrikk, fleire møbelfabrikkar, hermetikkfabrikkar og verksemder av mange andre slag,[11] mellom dei Maskinhuset A/S.

I 1901 fekk Hetland sin eigen bank, Hetland sparebank. Banklokalet blei plassert i gata Østervåg, frå 1928 i Øvre Holmegate og i eiget bygg på Domkirkeplassen 1962, alle adresser i Stavanger by.[12]

På 1950-talet 1960-talet brukte heradet leigde lokale i ein nedlagd hermetikkfabrikk i Nedre Strandgate i Stavanger sentrum til heradsstyresal og delar av kommuneadministrasjonen.[12] Ein arkitektkonkurranse for eit permanent Hetland rådhus i Hillevåg vart avgjort i 1962,[13] men rådhuset blei ikkje reist.

I perioden frå 1930 til 1946 auka folketalet i heradet med 65 % til 13 176, av desse budde to tredelar innanfor tettstader i heradet.[11] Fram mot avviklinga av heradet ved årsskiftet 1964-1965 var folketalet vakse til 22 474.

Hetland herad vart den 1. januar 1965 slegen saman med Stavanger kommune. Ein mindre del av heradet, området aust for Gandsfjorden, gjekk inn i Sandnes kommune.

Grensereguleringane[endre | endre wikiteksten]

Ved grenseregulering den 1. juli 1953 vart 831 personar overførte frå Hetland kommune til Stavanger kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Indrehus, O. (1937). Randaberg herred. Dreyer. s. 6. 
  2. Helle, Knut (1975). Stavanger fra våg til by. i hovedkommisjon hos Stabenfeldt. s. 40. ISBN 8253201893. 
  3. «Hetland kommune» av Geir Thorsnæs i Store norske leksikon, snl.no. Henta 5. januar 2020.
  4. Haaland, Anders (1999). En by tar form. Wigestrand. s. 37. ISBN 8291370141. 
  5. Hetland herad 1837-1937, side 23
  6. Stavanger på 1800-tallet. I hovedkommisjon hos Stabenfeldt. 1975. s. 51. ISBN 8253201885. 
  7. Resultaterne af Folketællingen i Norge 1. januar 1866 Henta 11. januar 2020
  8. Træk av Hetlands historie, side 335-343
  9. Træk av Hetlands historie, side 262-264
  10. Hetland herad 1837-1937, side 19
  11. 11,0 11,1 Sletten, Vegard (1948). Rogaland rundt. Stabenfeldt. s. 125-131. 
  12. 12,0 12,1 Hetland sparebank. [Sparebanken]. 1991. s. 26. ISBN 8299236207. 
  13. Rogalands Avis 1962.03.10. Norge;Rogaland;Stavanger. 1962. s. 1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]