Haakon Sløgedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haakon Sløgedal
Fødd 14. juli 1901
Død

15. juli 1979

Yrke politikar

Haakon Sløgedal (14. juli 190115. juli 1979) var ein norsk landbrukskunnig og politikar frå Holme i Vest-Agder. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget i tida 1961-69.

Sløgedal var son til ein mylnar. Han gjekk Vest-Agder landbruksskule 1920-22 og jordbrukslina ved Noregs landbrukshøgskule 1924-27. Frå 1931 var han i ti år forsøksassistent ved Statens forsøksgard i Vågønes. Der etter var han beitekonsulent i Selskapet for Norges Vel for distriktet Telemark, Agder og Rogaland i fem år til 1946. Dei neste fem åra var han forsøksleiar ved Beiteforsøksgården Apelsvoll på Kapp i Oppland. Frå 1951 til 1969 var han rektor ved Vest-Agder landbruksskule i Søgne.

Sløgedal var i tolv år, 1956-67, med i kommunestyret i Søgne, der han varaordførar 1958-65. I 1961 vart han vald inn på Stortinget for Kristeleg Folkeparti i Vest-Agder, attvald då det vart halde omval i 1962. Etter attval i 1965 vart han sitjande på Stortinget til 1969, heile tida som medlem i Landbrukskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]