Haandbryggeriet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haandbryggeriet

Org.formAksjeselskap
Org.nr.951964670
Skipa2005
HovudkontorDrammen kommune
LandNoreg
Produktøl
Nettstadhttp://haandbryggeriet.no/
Frå Haandbryggeriet i Drammen.

Haandbryggeriet er eit bryggeri i Drammen. Det vart grunnlagt i 2005. Bryggeriet produserer ei rekkje ulike typar øl, både med alkoholstyrke for butikksal og sal på Vinmonopolet. Alt ølet deira er overgjæra,[1] og ingen vert filtrert, pasteurisert eller tilsett kunstig kolsyre.[2]

Bryggeriet vart først starta opp i ein gamal tekstilfabrikk i Drammen, før dei i 2011 flytta til nye produksjonslokale. Samstundes tredobla dei produksjonskapasiteten sin[1] frå 900 liter per parti øl.[3] Bryggeriet vert rekna som eit kvalitetsbryggeri, og var i 2011 rangert som det beste bryggeriet i Norge, og det 48. beste i verda av brukarane på nettstaden RateBeer.[4]

Øl[endre | endre wikiteksten]

Bryggeriet har eit basisutval av øl dei alltid produserer, i tillegg til sesong- og spesialbrygg.[5]

Basisutval[endre | endre wikiteksten]

  • Sundland Kreosot (6,5%)
  • Pale Ale (4,5%)
  • Ardenne Blond (7,5%)
  • Hesjeøl (6,5%)
  • London Porter (4,5%)
  • Norwegian Wood (6,5%)
  • Blondie (4,5%)
  • Fyr og Flamme (6,5%)
  • Norse Porter (6,5%)
  • Dark Force (9%)
  • Humlesus (4,5%)
  • Belgisk Pale Ale (6,5%)
  • Bavaria (4,5%)

Sesongøl[endre | endre wikiteksten]

  • Nissefar (7%)
  • Krekling (7%)
  • Tindved (7%)
  • Nissemor (6%)
  • Bestefar (9%)

Spesialøl[endre | endre wikiteksten]

  • Sur Megge (8%)
  • Røyk Uten Ild
  • Dobbel Dose (9%)
  • Costa Rica (6,5%)
  • Haandbakk (8,5%)
  • Haandbic
  • Odin's Tripple (11%)
  • Blåbic (7,5%)
  • Fatlagret Porter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Går i nye tanker - Drammens Tidende. Lese 13. juli 2013
  2. Haandbryggeriet[daud lenkje] - NORØL. Lese 13. juli 2013
  3. Stor interesse for lite bryggeri - Drammens Tidende. Lese 13. juli 2013
  4. Kåret til landet beste - Drammens Tidende. Lese 13. juli 2013
  5. Beers Arkivert 2013-08-04 ved Wayback Machine. - haandbryggeriet.net. Lese 13. juli 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Haandbryggeriet