Haldor Røyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haldor Røyne
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. september 1908
Død

1979 (70 år)

Yrke musikar

Haldor Røyne (10. september 19081979) var ein kjend spelemann frå Øystre Slidre i Valdres.

Haldor var av den store Røyne-Rudi-slekta i Øystre Slidre, og ervde stor musikalsk givnad frå foreldra, Torstein Torsteinsson Røyne og Rangdi Haldorsdotter Rudi. Haldor ætta frå spelemannen Torstein Knutsson Røyne (1765-1830).

Haldor Røyne tok ved fela då han var ti år gamal, og spelemannen Ola Okshovd var første læremeistaren hans. I seinare år kalla Røyne Okshovd «ein spelemann av Guds nåde». Elles var nær familie og slekt den viktigaste kjelda hans. Det fanst spelemenn på både mors- og farssida.

Haldor Røyne tok utdanning innanfor landbruk, og var i lang tid knytt til Landbrukshøgskolen på Ås, der han hadde tatt eksamen. Han arbeidde og på Valdres LandbruksskoleLeira. Her råka han på spelemannen Olav O. Hegge, og desse to var samde i å ta vare på spelet etter Ola Okshovd.

Haldor Røyne var sterkt engasjert i vernet og røkta av folkemusikken i Valdres, og tok tidleg til orde for opprettinga av ein distriktsmusikarstilling på dette feltet. Han var mykje med i folkemusikkhalvtimen i NRK, og var rekna som ein påliteleg kjelde.

Elles var Haldor oppteken av å laga feler, og laga sjølv fleire langeleikar. Han døydde heller tidleg, i 1979.

Haldor Røynes minnepris vert utdelt annakvart år på Jørn Hilme-stemnetFagernes.

I hardingfeleverket finst det ei slåttenedskrift etter Haldor Røyne, gjort av Sven Nyhus.