Sven Nyhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sven Nyhus
Fødd21. mai 1932 (88 år)
FødestadRøros
OpphavNoreg
Instrumentfiolin
PlateselskapHeilo
Verka sommusikkforskar, musikar
BornÅshild Breie Nyhus, Ingfrid Breie Nyhus
PrisarHilmarprisen, Spellemannprisen i folkemusikk, Spellemannprisen i folkemusikk, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen, kommandør av St. Olavs Orden

Sven Kristoffer Nyhus (fødd 21. mai 1932) er ein norsk folkemusikar (fele, hardingfele og bratsj), komponist og tidlegare professor i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Sven Nyhus er fødd på på Røros og byrja spele fele som ni-åring, og var fram til 1952 aktiv som spelemann i heimetraktene. Han starta Glåmos Spellemannslag og transkriberte noter for lokal folkemusikk. Deretter flytta han til Oslo og tok i 1956 eksamen som orkestermusikar ved musikkkonservatoriet. Han var solobratsjist i orkestret ved Nationaltheatret, Den norske Operas orkester og Kringkastingsorkesteret og spelte som alternerande solobratsjist i Oslo-Filharmonien frå 1961 til 1971.

I 1969 starta han folkemusikkorkesteret Sven Nyhus kvartett (seinare også kvintett og sekstett) saman med trekkspelaren Tore Løvgreen. Dei to er framleis med i orkesteret som ellers har hatt ei rekkje andre medlem innom. Svens dotter, Åshild Breie Nyhus, spelar fele i sekstett-utgåva av orkesteret i dag. Orkesteret har gitt ut 12 album, og vunne to Spelemannpriser. I tillegg har Sven Nyhus gitt ut et soloalbum i 1977.

Frå 1971 var han medredaktør av sjubandsverket Norsk folkemusikk (saman med Jan Petter Blom og Reidar Sevåg), der han var med å transkribere notar for norske slåttar og folkemusikk. Verket blei avslutta i 1981. Han har dessutan gitt ut ei rekkje større og mindre slåttesamlingar.

Frå 1978 og ti år framover var Nyhus sjef for Folkemusikkavdelinga i NRK og frå [1990 til 2002 var han professor i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Han har komponert rundt 75 slåttar.

Sven Nyhus er far til felespelaren Åshild Breie Nyhus og pianisten Ingfrid Breie Nyhus.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Rørosslåtter (PLAY, 1970) Sven Nyhus kvartett
  • Gammeldans frå Rørostraktom (Polydo, 1972) Sven Nyhus kvartett
  • Med hopp og hiv (Polydo, 1973) Sven Nyhus kvartett
  • Sven Nyhus kvartett og kvintett spiller opp til gammeldans (Polydo, 1974) Sven Nyhus kvartett og kvintett
  • Trollsteget (Talent, 1976) Sven Nyhus kvartett
  • Trollsving og kast (Talent, 1976) Sven Nyhus kvartett
  • Felklang frå Rørosvidden (Talent, 1977) Sven Nyhus solo
  • Norskt livtag (Sonet, 1977) Sven Nyhus kvartett - berre gitt ut i Sverige
  • Dovregubben danser (Talent, 1978) SvenNyhus kvartett
  • På dansefot (EMI, 1981) Sven Nyhus kvartett
  • Bergrosa (Mariann Records, 1984) Sven Nyhus kvartett og kvintett
  • Skuddårslek (Callisto, 1988) Sven Nyhus kvartett og Åshild Breie Nyhus (fele)
  • GRIMEN (Heilo, 1997) Sven Nyhus sekstett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]