Halfdan Torp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halfdan Torp
Fødd 24. september 1849
Innvik
Død

12. mai 1888
Kristiania

Yrke advokat, politikar

Halfdan Torp (24. september 184912. mai 1888) var ein norsk sakførar og stortingsmann, fødd i Innvik i Nordfjord.

Torp var son til ein offiser. Sjølv vart han student frå Bergens katedralskule i 1868 og cand. jur. i 1872. Deretter var han eit par år fullmektig hos sorenskrivaren i Nedre Romerike, frå 1875 sakførar i Risør. Han var i fleire år medlem av bystyret i Risør, ei tid varaordførar. Tida 1876-82 redigerte han også 'Nedenes Amtstidende'.

Torp møtte 1885-sesjonen på Stortinget, i staden for Søren Hille. Han var då fyrste varamann frå Risør. I den neste perioden var han byen sin faste representant på tinget. I 1885 var han medlem av jarnbanekomiteen, 1886-88 av næringskomite nr 2.

Han døydde i 1888, under stortingsopphaldet i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]