Hallgeir J. Elstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallgeir J. Elstad

Fødd19. desember 1964
NasjonalitetNoreg
Områdeteologi, kristendommens historie
Yrkeprest, teolog, kirkehistoriker, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Hallgeir J. Elstad (fødd 19. desember 1964) er ein norsk teolog og prest. Han er fødd i Vestvågøy i Lofoten, tok teologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo og praktisk-teologisk eksamen ved Det praktisk-teologisk seminaret 1990. Ordinert til prest i Borge kyrkje same året. I tillegg til feltprestteneste har han vore vikarprest fleire stader i landet. Stipendiat i kyrkjehistorie (Norges Forskningsråd) 1992-97, med permisjon 1994-95 for å vere amanuensis (vikar) ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo. 2004-2005 var han rektor ved Kyrkjeleg utdanningssenter i nord, Tromsø. 2007 førsteamanuensis i norsk kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo, frå 2008 professor same stad.

Elstad tok teologisk doktorgrad (kyrkjehistorie) i 1998, på doktoravhandlinga «...en Kraft og et Salt i Menigheden...» Ein studie av presteskapet i Norge i siste halvpart av 1800-talet, dei såkalla «johnsonske prestane» (UniPub 2000). Har elles m. a. skrive «...midt i den norske kirke...» Det praktisk-teologiske seminar gjennom 150 år, 1848–1998 (Det praktisk-teologiske seminars skriftserie nr. 3, Oslo 1998), I dialog. Norske Kyrkjeakademi 1956-2006 (KIFO Perspektiv Tapir Akademiske forlag 2006), fleire lærebøker i kristendomshistorie og kristendomskunnskap, i tillegg til artiklar i fagtidsskrift og aviser. Han var medlem av Vestvågøy kommunestyre 1983-1987 og Skjåk kommunestyre 2003-2006. Medlem av Kirkehistorisk Samfunn sidan 1998.