Halmøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halmøya
Geografi
Norway - Halmøya.png
Stad Namdalen
Koordinatar 63°31′16″N 10°42′50″EKoordinatar: 63°31′16″N 10°42′50″E

Areal 4,8 km²

Høgaste punkt Nova (173 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 0

Halmøya er ei øy i Flatanger kommune i Trøndelag. Arealet er 4,8 kvadratkilometer. Det finst fleire hellarar her med spor etter busetnad tilbake til steinalderen, størst er Håkkahelleren (32,5 m djup, 12 m brei og 6 m høg). Halmøya skal ha vore militær samlingsplass tilbake i vikingtida, såkalla skipreide som skulle stille med minimum eitt skip med mannskap når det var ufred.

Øya er òg gammal kyrkjestad. Halmøy kyrkje vert nemnd første gong i skriftlege kjelder i 1468, men er truleg langt eldre. Kyrkja vart rive i 1872. Halmøya var busett i enno hundre år, fram til 1970-talet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.