Halvdan Kvitbein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvdan Kvitbein
Fødd7. hundreåret
Noreg
Død8. hundreåret
Toten
Tittelkongen av Noreg
Hus eller slektYnglingeætta
FarOlav Tretelgja
BarnØystein av ynglingeætta, Gudrød Halvdansson

Halvdan Kvitbein var ein av kongane i Ynglingeætta og skal ha rådd for store delar av austre Noreg tidleg på 700-talet. Han var son av Olav Tretelgja.

Halvdan var gift med Åsa, dotter av opplendingskongen Øystein. Dei fekk to søner, Øystein og Gudrød. Han sat som konge over Heidmarka frå først av, seinare eigna han til seg Toten, Hadeland og mykje av Vestfold. Han døydde sottedauden og vart gravlagd på Toten, men seinare flytta til Skareid ved Skiringssal.

Halvdan er den første kongen i Ynglingeætta med dette namnet. Det skulle difor vera rimeleg å tenkje seg ein historisk lekk til skjoldungane, der Halvdan-namnet var vanleg. Etter Halvdan Koht var kongane i Vestfold på denne tida underlagt dansk styre, og Vestfold gjorde først opprør mot danekongane i 813 medan kongane i Hedeby var svake. Det er soleis Snorre som har knytt kongerekkja i Vestfold til Ynglingane i Sverige.