Olav Tretelgja
| Olav Tretelgja | |||
| | |||
| Fødd | Sverige | ||
|---|---|---|---|
| Død | 7. hundreåret Vänern | ||
| Hus eller slekt | Ynglingeætta | ||
| Mor | Gauthild Algautsdatter | ||
| Far | Ingjald Illråde | ||
| Barn | Halvdan Kvitbein, Ingjald Olofsson | ||
Olav Tretelgja var ein konge or Ynglingeætta, son av Ingjald Illråde.[1][2]
Olav laut rømme frå Svitjod eller Svealand etter at far hans fall, av di sveane ikkje ville ha meir med ynglingane å gjere. Han vart jaga til skogbygdene i Värmland, som han rydda, og slik fekk han og namnet sitt, av di han sjølv var med og hogg tømmer der. Olav ekta dottera til kong Halvdan Gulltann i Solør, Solveig, og dei fekk sønene Ingjald og Halvdan Kvitbein.
Olav vart innebrend av di sviane i Värmland trudde han gav dei dårlege år. Motsett dei førre ynglingekongane nekta han å blote. Seinare vart det røynd at uåra kom av stor folkevekst i landet, og kongen hadde ikkje skulda. Folk valde då Halvdan, sonen til Olav, til konge for seg.
I fylgje Teodricus munk si bok Historia om dei gamle norske kongane skal Olav Tretelgja ha herska livet ut i Svitjod og skal ha døydd i høg alder.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Snorri Sturluson (1996). Snorres kongesoger. Oslo: Samlaget. s. 34-35. ISBN 8252147119.
- ↑ «Om Oplændingernes Konger» (på dansk). Sett om av C. C. Rafn. Heimskringla.no.
- ↑ Norges historie. Historien om de gamle norske kongene / Theodricus munk. Historien om danenes ferd til Jerusalem. Oslo: Aschehoug. 1969. s. 28. ISBN 8203033881.