Halvdan den milde
| Halvdan den milde | |||
| Fødd | 8. hundreåret Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Død | 802 | ||
| Tittel | kongen av Noreg | ||
| Hus eller slekt | Ynglingeætta | ||
| Far | Øystein av ynglingeætta | ||
| Ektefelle | Lif (?) | ||
| Barn | Gudrød Veidekonge, Sigfred | ||
Halvdan den Milde og Mat-ille var ein konge av Ynglingeætta, far til Gudrød Veidekonge og farfar til Halvdan Svarte. Han var son av kong Øystein Halvdansson.[1][2]
Han sat som konge i Holtar, no Holtan i Borre, og er gravlagd der. Han var gift med Liv, dotter til kong Dag på Vestmar, i dag eigna kring Langesund. Namnet og gravstaden hans tyder på ei lekk til Danmark (Borrestil).
Halvdan skal ha vore konge tidleg på 800-talet, og den fremste kjelda på han skriv seg frå skalden Tjodolv frå Kvine, diktaren av Ynglingatal. Halvdan er òg nemnd i den eldste Noregshistoria, skriven kring 1170. I si omsetjing av denne, noterer Halvdan Koht:
Halvdan den milde... budde etter Tjodolv på garden Holtar og vart gravlagt på Borre, der det endå finst ei heil samling med store gravhaugar... No høyrer vi i frankiske krøniker, at i året 813 var det upprør på Vestfold imot dei danske kongane, og kanskje var det denne kong Halvdan som no gjorde Vestfold sjølvstendigt; Det kann vi ha eit minne um i at Tjodolv kallar mennene hans for "dei som vann siger" (Norrøne Bokverk,) fjerde bandet).
Etter dei frankiske årbøkene var det ættestrid i Danmark nett på denne tida, sidan kong Hemming nett var avliden, og sønene etter Godfred, kongen før, ikkje var komne til moden alder. I denne arvestriden, der far til Harald Klakk var innblanda, kan kongane i Vestfold ha nytta høvet til å gjera opprør mot Hedeby.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Snorri Sturluson (1996). Snorres kongesoger. Oslo: Samlaget. s. 46. ISBN 8252147119.
- ↑ Norges historie. Historien om de gamle norske kongene / Theodricus munk. Historien om danenes ferd til Jerusalem. Oslo: Aschehoug. 1969. s. 28. ISBN 8203033881.