Tjodolv frå Kvine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tjodolv frå Kvine
Fødd 9. hundreår
Noreg
Død

930

Yrke lyrikar, skribent, skald
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Tjodolv frå Kvine eller Tjodolv den kvinværske (norrønt: Þjóðólfr ór Hvini eller Þjóðólfr enn hvinverski) var ein norsk skald som levde på slutten av 800-talet og i byrjinga av 900-talet.

Tjodolv er rekna for å vere den eldste kjende fyrsteskalden i Noreg. I Skaldatal[1] er det opplyst at han var skald hos kong Harald Hårfagre, Håkon Grjotgardsson jarl, Strut-Harald og Torleif den spake, men tilknytinga til dei sistnemnde er omdiskutert. Kjeldene gir elles ingen opplysningar om kven Tjodolv var. Tilnamnet hans tyder på at han var frå Agder; «hvine» er det gamle navnet på Fedafjorden i Kvinesdal, der elva Kvina renn ut. I fortalen til Heimskringla nemner Snorre Sturlason han som Tjodolv den frode (den kunnskapsrike).

Ved Utsikten i Kvinesdal er det sett opp ei statue av Tjodolv fra Kvine. Ho er laga av bilethoggaren Ståle Kyllingstad og vart avduka av dåverande kronprins Harald i 1975.

Skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Mellom forskarane[2] har det vore ei viss usemje om når Tjodolv levde og om diktinga hans, men oftast er han tillagt forfattarskapet av desse dikta:

Ynglingatal[3] eit dikt på versemålet kviduháttr som vart gjort til ære for den norske hovdingen Ragnvald Heidumhære i Vestfold. Kvadet reknar opp ætta hans attende til den svenske Ynglingeætta og den norrøne guden Yngve-Frøy. Etter som kong Harald Hårfagre vart rekna som ein slektning av Ragnvald, har kvadet hatt stor innverknad på norsk historieskriving.

Haustlong[4] er eit dikt til Torleiv Hordakåresson den spake, og blir kalla eit «skjoldkvad» då det skildrar bilete på eit skjold som skalden fekk av Torleiv. Innhaldet er mytolgisk og fortel om jotnen Tjatse som bortførte Idunn, om Loke og om guden Tor sin kamp mot jotnen Rungne. To vers av kvadet er teke med i Skaldskaparmål[5] i Snorre Edda. Diktet har kanskje fått namnet Haustlǫng fordi det vart dikta om hausten.

Dikt om Harald Hårfagre[6] I diktet blir Harald Hårfagre kalla «herskar over Opplanda» (Upplanda gramr) og han er omtala som «Luva» (Lúfu).

Lausaviser[7] (to vers er kjende)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaldatal heimskringla.no, frå Snorre-Edda
  2. Ynglingatal og Ynglingesaga en studie i historiske kilder, av Claus Krag 1991
  3. Ynglingatal frå Skaldic Project
  4. Haustlong frå Skaldic Project
  5. Skaldskaparmål frå heimskringla.no
  6. Dikt om Harald Hårfagre frå Skaldic Project
  7. Lausaviser frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]