Halvor Olsson Stamsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvor Olsson Stamsøy
Fødd 2. juni 1800
Søndeled
Død

18. februar 1890
Søndeled

Yrke politikar, bonde

Halvor Olsson Stamsøy (2. juni 180018. februar 1890) var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Søndeled i Aust-Agder. Ole Toresson Rød var far hans.

Stamsøy var skulehaldar frå 1819 til -33. I 1833 kjøpte han garden Stamsøy i Søndeled og dreiv denne i lang tid. Han var lensmann 1845-55. Stamsøy var forlikskommissær 1834-37 og medlem av heradsstyret 1838-64, ordførar i åtte år.

Stamsøy representerte Nedenes og Robygdelagets amtStortinget 1848-51 og 1857-60. I Både i 1848 og 1851 medlem av budsjettkomiteen, 1851 også av Lagtinget. Han heldt fram som lagtingsmedlem 1857-60, då han elles var med i konstitusjonskomiteen.

Han døydde på garden sin i Søndeled i 1890.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]