Hopp til innhald

Halvtunnel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fånefjell halvtunnel frå 1923.
Foto: Øyvind Berg

Halvtunnel er ein tunnel som er hogd inn i ei stupbratt fjellside, slik at køyrebanen er overdekt men tunnelen er open på den eine sida.

I Noreg er eit kjend døme på ein slik halvtunnel den gamle vegen forbi Fånefjell i Bygland kommune i Agder. Der var konstruksjonen av ein farbar veg forbi fjellet ei utfordring for vegingeniørane på 1920-talet. I dag går det tunnel gjennom fjellet, og halvtunnelen er rekna som kulturminne.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Halvtunnel i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren