Hammenhög

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hammenhög er ein tettstad i Simrishamns kommun i Skåne län i Sverige. Det ligg til Riksväg 9 i Österlen, cirka 15 kilometer vest for Simrishamn og er oppkalla etter ein stor gravhaug frå steinalderen. I 2005 hadde tettstaden 908 innbyggjarar.

Staden er vurdert til å vere på lista over «Särskilt värdefulla kulturmiljöer i Skåne» på grunn av at det framstår som ein god eksponent for ein centralort frå siste del av 1800-talet og første del av 1900-talet. Dei eldre bygningane i Hammenhög, tinghuset, gjestgjevargarden, kyrkja og prestegarden, samt frøhandel og bilforhandlermiljøet er av spesiell interesse.

Framleis produserast det frø i Hammenhög. Weibulls Trädgård, tidlegare Hammenhögs Frö har butikkutsal i sommarmånadane. Hammenhögs Gästis har tradisjonar attende til 1693.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 55°30′N 14°09′E