Hamresanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°11′28.165″N 8°4′33.686″E

Hamresanden langs Topdalsfjorden
Hamresanden langs elveutlaupet av Tovdalselva

Hamresanden er ei om kring 3 kilometer lang badestrand som ligg om lag ti kilometer frå Kristiansand sentrum. Badestranda har fått klassifiseringa Blått Flagg. Tre campingplasser og eit hotell er òg plasserte på Hamresanden. På varme sumardagar er sandstranda og vatnrutsjebanen særs populære badeplassar.[1]

Hamresanden strekker seg frå Grovika og oppover langs Tovdalselva og sletta under bustadområdet Moneheia høyrer òg med til Hamresanden.

I 2010 fann norske arkeologer eit så kalla sarupanlegg, eit regionalt kultsenter frå traktbegerkulturen i yngre steinalder, ved Hamresanden. Anlegget er det fyrste i sitt slag som har vore påvist i Noreg.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hamresandenvisitnorway.no
  2. Cato Guhnfeldt (1. oktober 2010). «Norges «mini-Pompeii»». Fædrelandsvennen. Henta 19. desember 2010. 
  3. Rossella Lorenzi (7. oktober 2010). «'Mini-Pompeii' Found in Norway». DiscoveryNews. Henta 19. desember 2010.  (en)